Kurs - psykisk helse

Kurs i meistring av depresjon (KID) og kurs i meistring av belastningar (KIB)

  • har du ein mild eller moderat depresjon?
  • ynskjer du hjelp til å handtera tunge tider i livet på ein annan måte?
  • eller har du stått i mange belastningar over tid og kjenner at det røyner på?

Då kan du melda deg på eit kurs i meistring av depresjon eller belastning.

Kursa er for dei som ynskjer å betra si evne til å meistra belastningar knytt til privatliv, arbeid og sjukdom. Kva som oppleves som belastning er individuelt. Vanlege teikn på at det er ubalanse mellom kvardagens krav og kva ein kjenner ein maktar, er at ein kan verta trist, sliten, utmatta, uroleg, mindre sosial, mindre aktiv og ha søvn og konsentrasjonsproblem.

På kurset vil du mellom anna læra:

  • kvifor nokon belastningar verkar negativt in på livskvalitet og helse, medan andre fører til utvikling og vekst
  • om ulike former for meistring
  • korleis vedvarande belastningar påverkar kjensler og handlingar
  • korleis kjenne att u-hensiktsmessige tolkingar og handlingsmønstre
  • teknikkar og metodar retta mot å endra tanke- og handlingsmønstre som motverkar det å verta nedstemt

Mål for kurset:

  • kjenna att teikn på overbelastning
  • førebyggja overbelastning
  • identifisera belastningar
  • vidareutvikla eigen meistringsevne

KID kurset byggjer på dei same teknikkane som KIB, men har noko meir fokus på depresjonssymptom og gode tips for å verta betre av ein depresjon.

Kursa går over ti veker; to og ein halv time kvar gong.

Du treng ikkje henvisning frå lege for å delta på kurs i avdelinga. Du kan melda deg på direkte til leiar i ROP avdelinga. Alle som får plass på kursa får ein samtale med kursleiar i forkant.

Kursa annonserast på Kvam herad si heimeside nokre veker før kursstart. Kurset er gratis, men ein betalar 250,- kroner for arbeidsboka.

For info om kurset våren 2019: sjå denne artikkelen