Støttekontakt

Kva tilbyr me?

Ein støttekontakt tilbyr blant anna sosialt samvær og følge til ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakten kan bli med deg og gå tur, gå på kafe, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Hjelpa vert gitt ut frå dine behov.

Formålet med ein støttekontakt er at du som søkjar skal få ei meiningsfull fritid saman med andre.

Støttekontakt kan gjevast på to måtar:

  • individuell støttekontakt
  • deltaking i ei aktivitetsgruppe

Støttekontakten har vanlegvis ingen spesiell fagleg bakgrunn, men får tilbud om veiledning frå fagfolk.

Kven kan få tilbudet?

Du må vera sosialt isolert, ha vanskar med å koma i kontakt med andre eller trenga ledsager for å koma deg ut.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitetar betalar du sjølv.

Slik søkjer du

Du brukar søknad om helse- og omsorgstenester (PDF, 165 kB).

For meir informasjon sjå her.

Du kan ha rett på ledsagarbevis, som gjer at støttekontakten din får gratis inngang på arrangement som godtar ledsagarbevis.

Lovar og reglar

Klage

For meir informasjon sjå  her.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no