Individuell plan

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte helse og omsorgs, har du rett til å få utarbeida ein individuell plan og få ein koordinator. Kommunen har ansvar for å tilby ein individuell plan i dei tilfeller det er behov for det. Ein individuell plan skal kunn utarbeidas dersom du sjølv ynskjer det.

Du har rett til å få ein koordinator sjølv om du ikkje ynskjer å laga ein individuell plan. Ein koordinator er ein person som hjelper med å samordna dine tenester. Koordinatoren hjelper også å lage ein individuell plan.

Kva tilbyr me?

Individuell plan (IP) er eit dokument som hjelper deg som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstjenester å setja langsiktige mål for korleis du skal meistra kvardagen. Planen gjev oversikt over ditt behov for offentlege tenester, kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for. Det er ditt mål som er utgangspunktet for den individuelle planen. Det er derfor viktig at du deltar aktivt i å laga planen.

Ein individuell plan skal sikra:

  • at tenestene du mottar blir samordna og individuelt tilpassa
  • at alle som yter teneste samarbeider med deg og/eller dine pårørande, og med kvarandre

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Slik søkjer du

Du brukar nyttar skjemaet; Førespurnad om individuell plan (PDF, 20 kB).

For meir informasjon om søknad sjå her.

Du har rett til å medvirke, og tenesteapparatet skal leggje til rette for dette. Pårørande kan også medvirke i den grad du ynskjer det. Pårørande har også rett til å medvirke dersom den som får individuell plan ikkje har samtykkekompetanse.

Lovar og reglar

Pasient- og brukarrettighetslova § 2-5 og rett til å delta i arbeidet med planen står i § 3-1

Den individuelle planen gjev ikkje ein større rett til helse- og omsorgstenester enn det som følgjer av reglar som gjeld ellers.  

Klage

For meir informasjon sjå her.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Vikarierande Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Elfrid Oma
Telefon: 56558606
Mobil: 995 48 856 - 90681038
E-post:elom@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no