Brukarundersøking legevakt, november 2018

Brukarane av legevakten i Kvam herad er svært nøgde viser brukarundersøkinga som vart gjennomført i november 2018. 

I undersøkinga vart brukarane stilt spørsmål om 14 ulike tema.

1. Korleis tok du / de kontakt med legevakta? (25 deltakarar)

  • 88% tok kontakt på telefon.
  • 12% kom direkte til legevaktlokalet utan å ringje på førehand.

2. Var det vanskeleg å kome i kontakt med legevakta på telefon? (22 deltakarar) 

  • 90,9% svara at det ikkje var vanskeleg i det heile teke.
  • 9,1% svara at det i lita grad var vanskeleg.
  • Ingen svara "i nokon grad" eller "i stor grad". 

3. Opplevde du at personen du snakka med på telefon då du ringte legevakta (21 deltakarar)

a. tok deg på alvor?

  • 100% svara "i stor grad" på dette.

b. snakka til deg slik at du forsto han/ho?

  • 85,7% svara i "stor grad" på dette
  • 4,7% svara "i nokon grad".
  • For dei resterande manglar det svar.

4. Kor lang reisetid hadde du til legevaktlokalet? (24 deltakarar)

  • 83,3% svara "under 1/2 time"
  • 12,5% svara "1/2 til 1 time"
  • 4,2% (1 person) svara 1 - 2 timar.

5. Synest du reisetida til legevaktlokalet var akseptabel? (23 deltakarar)

  • 13% svara "i nokon grad"
  • 87% svara i "i stor grad".
  • Ingen svara "i liten grad" eller "ikkje i det heile".

6. Kor lenge venta du frå du kom til legevaktlokalet til du kom inn til undersøking / behandling? (23 deltakarar)

  • 73,9% svara "under 10 minutt"
  • 21,7% svara "10 - 30 minutt"
  • 4,3% svara "30 - 60 minutt"

7. Fekk du tilfredsstillande informasjon om kor lenge du måtte rekne med å vente til du skulle få komme inn til undersøking / behandling? (23 deltakarar)

  • 8,7% svara "ikkje i det heile tatt".
  • 17,4% svara "i nokon grad"
  • 73,9% svara "i stor grad"

8. Var ventetida akseptabel? (23 deltakarar)

  • 4,3% (1 person) svara "ikkje i det heile tatt"
  • 4,3% (1 person svara "i liten grad"
  • 91,3% svara "i stor grad"

9. Organisering og fysiske tilhøve på legevaktlokalet (23 deltakarar)

a. Fekk du inntrykk av at legevakta var godt organisert? 

  • 95,65% svara "i stor grad"
  • 4,35% (1 person) svara "i nokon grad"

b. Opplevde du at venterommet var tilfredsstillande?

  • 73,91% svara "i stor grad"
  • 26,09% svara "i nokon grad"

10. Opplevde du at legen (23 deltakarar)

a. Tok deg på alvor?
b. Snakka til deg slik at du forsto han / ho?
c. Var fagleg dyktig?

Her svara 100% "i stor grad" på alle tre spørsmåla.

11. Opplevde du at sjukepleiar i legevaktlokalet (23 deltakarar)

a. Tok deg på alvor?
b. Snakka til deg slik at du forsto han / ho?
c. Var fagleg dyktig?

Her svara 100% "i stor grad" på alle tre spørsmåla.

12. Synest du at du fekk tilstrekkeleg informasjon om tilstanden din? (23 deltakarar)

Her svara 100% "i stor grad". 

13. Alt i alt, var hjelpa du fekk frå legevakta tilfredsstillande?

Her svara 100% "i stor grad". 

14. Alt i alt, korleis opplevde du hjelpa du fekk frå legevakta (23 deltakarar)?

Her svara 60,9% "Som forventa" og 39,1% "Betre enn forventa".