Kva tilbyr me?
Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevar i grunn-og videregående skular. Born og unge har rett til tilgjengeleg skulehelseteneste. Du vil møte helsesjukepleier og lege ved konsultasjon i 1.trinn og ellers ved behov. Du kan få råd og rettleiing, helseundersøking og vaksinasjon.
Tiltak mot alle og tidleg innsats er viktige prinsipp for tenesta. Gjennom møte med elev, undervisning i klasser og grupper og individuelle konsultasjoner ved 1. og 8. trinn kan det gjera det mogleg for tenesta å oppdage born og unge med behov for oppfølging og hjelp. I tillegg kan ein oppdage trender og utvikling i skulen og i lokalmiljøet. Denne kunnskapen gjer at skulehelsetenesta saman med skulen kan setje i gang tiltak i miljøet som fremjer born og unge si helse, trivsel og meistring. Sentralt i retningslinjene er å vera tilgjengeleg og synleg for elevane, samarbeid med skulen. Å styrkja psykisk helse, førebygge, avverge og avdekke vold, overgrep og omsorgssvikt, bekymringsfullt fråvær . Helsesjukepleier og lege samarbeider nært med fysioterapeut, PPT, familiesenter, kommunepsykolog, barnevern, NAV og tannhelsetenesta i kommunen.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Kontaktinformasjon
Korleis kan ein ta kontakt? Send sms til helsesjukepleiar, så ringer me deg opp igjen.
- Ålvik skule: Helsesjukepleiar Grethe Helen Mæland, tlf. 906 36 059, gremal@kvam.kommune.no
- Øystese skule: Helsesjukepleiar Christel Mo Vik, tlf. 954 02 669, chrvik@kvam.kommune.no
- Kvam ungdomskule: Helsesjukepleiar Linda Haga, Tlf. 918 26 285, linhag@kvam.kommune.no
- Norheimsund skule: Helsesjukepleiar Grethe Helen Mæland, tlf. 906 36 059, gremal@kvam.kommune.no
- Norheimsund friskule: Helsesjukepleiar Grethe Helen Mæland, tlf. 906 36 059, gremal@kvam.kommune.no
- Tørvikbygd skule: Helsesjukepleiar Kristina Bruland Hellestveit, tlf. 482 50 512, krihel@kvam.kommune.no
- Strandebarm skule: Helsesjukepleiar Kristina Bruland Hellestveit, tlf. 482 50 512, krihel@kvam.kommune.no
- Framnes videregående skule: Helsesjukepleiar Linda Haga, tlf. 918 26 285, linhag@kvam.kommune.no
- Kvam videregående skule: Helsesjukepleiar Christel Mo Vik, tlf. 954 02 669, chrvik@kvam.kommune.no
Ein kan óg ta kontakt med leiar for helsestasjon- og skulehelseteneste, Torill Høyland, tlf. 917 11 245 eller e-post: toho@kvam.kommune.no