Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ein fastmontert alarm i heimen din som du kan nytta for å varsla helsefagleg personell dersom du kjem i ein akutt situasjon.

Kva tilbyr me?

Tryggleiksalarmen varslar direkte til Responssenteret i Bergen og dei varslar vidare til heimesjukepleien dersom det er behov for dette. Personell i kommunen rykkjer ut heile døgeret ved behov. Alarmen skal hjelpa deg til å kjenna deg trygg slik at du kan bu heime i eigen bustad så lenge som mogeleg. Brannvarsling er inkludert i tryggleiksalarmen og varslar direkte til Responssenteret i Bergen.

Kven kan få tilbod:

  • eldre
  • funksjonshemma
  • andre som kjenner seg utrygge ved å bu åleine

Kva kostar det?

Det er eigenbetaling for leige av tryggleiksalarm, sjå info om kommunale satsar.

Ved oppseiing av tryggleiksalarmen din tek du kontakt med gruppeleiar.

Slik søkjer du

Du fyller ut søknad om helse- og omsorgstenester (PDF, 165 kB).

For meir informasjon om søknad sjå her.

Klage

For meir informasjon sjå her.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no