Omsorgstønad

Omsorgsstønad er ei ordning for dei som har eit særskilt tyngjande omsorgsarbeid for funksjonshemma born eller vaksne med stort pleiebehov. Omsorgsarbeidet må vera knytt til hjelp i eigen heim. Målet er at familien kan ha mogelegheit til å halda fram med å ha omsorga for sine næraste.

Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar månad som er godtgjersle for nokre av timane som du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen.

 

Krav til søkjar

  • den pleietrengjande må bu i heimen
  • omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og det må vera nødvendige oppgåver.

Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkja om dette samtidig.

Forvaltarkontoret vil vurdera om omsorgsstønad er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.

Dette må du tenkja over før du søkjer:

  • brukar du mange timar per månad på omsorgsarbeidet?
  • er arbeidet meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg?
  • har du mykje nattarbeid slik at det går utover nattesøvnen?
  • er det behov for omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
  • går omsorgsarbeidet ut over det sosiale livet ditt og mangel på ferie og fritid?
  • har du omsorg for meir enn ein person?

Slik søkjer du

Du nyttar skjema for søknad om helse og omsorgstenester (PDF, 165 kB).

For meir informasjon om søknad sjå her.

Klage

For meir informasjon sjå her.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no