Kreftkoordinator

Kreftkoordinator skal vera synleg og tilgjengeleg for alle kreftramma i kommunen og gje rettleiing til pasientar, pårørande og helsepersonell. Stillinga er delfinansiert med midlar frå Kreftforeningen. Stillinga er organisert i Kvam rehabiliterings- og behandlingsavdeling og kreftkoordinator har kontordag på Toloheimen kvar tysdag og  onsdag.

Kva tilbyr me?

Kreftkoordinator har oversikt over kva tilbod kommunen har for kreftramma og deira pårørande. Ho gjev råd, rettleiing og samtalar til pasientar. Ei av oppgåvene til koordinatoren er å sikra trygg og heilskapleg omsorg i heimkommunen.

Kreftkoordinator skal vera bindeledd mellom sjukehus og kommune. Ein av oppgåvene er å arbeida tverrfagleg og samarbeida med heimesjukepleien, ergo- og fysioterapeutar, fastlege og andre fagpersonar.

Det kan følgja mange tankar med å få kreft. Mange tykkjer det vert mykje sjukdomsprat for familie og venner, kreftkoordinator kan vera ein fagperson å få ut litt tankar og bekymringar hjå.

Nokon treng hjelp til å finna fram i systemet - som å ringja sjukehus, Nav eller Helfo. Kreftkoordinator kan hjelpa deg å finna ut kva rettigheiter du har.

Kreftkoordinator kan besøke deg heime, eller møtast på kontoret. Det er opp til pasient og pårørande kor tett kontakt dei ynskjer.

Kreftkoordinator kan ikkje alt, men veit kven som kan.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Slik søkjer du

Du kan ta direkte kontakt per telefon eller mail, eller be fastlegen eller sjukehuset ta kontakt. Tilbudet er eit lågterskeltilbod, og du treng ikkje henvisning. Pårørande er også velkomne til å ta kontakt. Du finn meir informasjon om det å vera pårørande her.

Klage

For meir informasjon sjå her.


Evaluering av kreftkoordinatorsatsinga

Kreftforeningen har sendt rundt ein evalueringsrapport (PDF, 3 MB) av ordninga med kreftkoordinator til alle kommunane som er med i ordninga. Kreftkoordinatorane utgjer ein stor skilnad for dei som er råka av kreft og deira pårørande, og bidreg til god kreftomsorg i kommunen. Rapporten viser positive effektar for både pasientar, pårørande, kommune og samfunnet elles.

Margrete Berge
Kreftkoordinator
E-post
Telefon 906 79 853
Kreftkoordinator
Hilde Ystanes
Avdelingsleiar KRB
E-post
Telefon 56 55 86 06
AvdelingsleiarKvam rehabilitering+ og behandlingsavdeling