helsenorge.no - digitalt verktøy

Får du heimehjelp eller heimesjukepleie? No kan du enkelt sjå oversikt over avtalar, endre og avbestille besøk. eliola/Pixabay

Er du mottakar av heimebaserte tenester i Kvam herad? 

No kan du kommunisere med heimehjelpa og heimesjukepleia via nettstaden helsenorge.no. Her finn du oversikt over alle dine avtalar, og kan raskt, trygt og enkelt endre på tenester, til dømes avbestille heimehjelp.

På nettstaden helsenorge.no finn du ei samla oversikt over helse- og omsorgstenestene du brukar, inkludert tenestene du får i heimen din.

helsenorge.no kan du:    

  •         Senda meldingar til heimebaserte tenester i kommunen 
  •         Avbestilla besøk eller avtalar du ikkje treng
  •         Sjå oversikt over planlagde besøk i kalenderen

Kven er på helsenorge.no?

  • Kommunehelsetenester
  • Fastlegar 
  • Sjukehus 

Krev Min ID som innlogging

Logg inn med BankID, BankID på mobil, Buypass ID eller Commfides e-ID på Helsenorge.no. Dette er innlogging med sikkerheitsnivå 4, og det er dermed muleg å utveksle sensitive opplysningar. 

Fullmakt

Pårørande kan få tilgang til tenestene med fullmakt frå brukaren. 

Alt på ein stad

Helsenorge.no er alltid open. Meldingane du sender blir lagra, slik at du har oversikt over alle meldingar du har sendt og mottatt. Du får varsel på SMS eller epost når du har fått ei ny melding på helsenorge.no. I kalenderen kan du sjå avtalene dine og du kan avbestille dei du ikkje treng. 

Har du spørsmål?

Du finn meir informasjon om innlogging og bruk på Helsenorge.no. På YouTube-kanalen til Helse Norge kan du også sjå informative videoar om tenesta.

For meir informasjon om tenesta i Kvam herad, kontakt prosjektleiar for innføring av DigiHelse Anne Lise Neteland. Telefon: 56553096 / 41563102, e-post: alne@kvam.kommune.no

Brosjyre i PDF-format

Kvam herad har også laga eit lite opplysingsark (PDF, 2 MB) om helsenorge.no, som du kan lasta ned i PDF-format.