Heimesjukepleie

Heimesjukepleien kan rettleia og hjelpa deg som bur i eigen heim, og som er avhengig av hjelp.
Ved hjelp frå heimesjukepleien kan du bu heime i bustaden din så lenge som det er mogleg.
Du kan få heimesjukepleie heile døgeret.

 

Kva tilbyr me?

Hjelpebehovet ditt må skuldast sjukdom eller at du har nedsatt funksjonsnivå.

Heimesjukepleie vert ikkje innvilga dersom du utan store problem kan få hjelp til å utføra tenesta på legekontoret, eller om hjelpa du treng fell utanom lov om fell utanom lov om kommunale helse- og omsorgstjenester.

  • nødvendig hjelp til personleg stell og pleie
  • hjelp til medisin og injeksjonar
  • sårstell
  • tilsyn og observasjonar
  • rettleiing om kosthald og helse
  • rettleiing og opplæring slik at du sjølv kan meistra oppgåver
  • hjelp til verdig livsavslutning i eigen heim i nært samarbeid med pårørande og lege

Dette kan du forvente av oss:

  • Me behandlar deg og heimen din med respekt
  • Me har synleg legitimasjon
  • Me overheld teieplikta
  • Akutte hendingar kan føre til at me ikkje klarer å vere hos deg til ønska tid.
  • Heimesjukepleia kan ikkje følgje deg til lege, tannlege, frisør, fotpleiar og liknande.

Dette forventar me av deg:

  • Du gjer det du klarar sjølv
  • Du handterer medisinane dine sjølv, om du ikkje har inngått legemiddelavtale med heimesjukepleia
  • Du tillet at me installerer hjelpemiddel til bruk for deg og oss i heimen
  • Du har mikrobølgeomn, dersom du treng hjelp til/skal trene på å varme middag
  • Du har synleg namn og nummer på huset, og opplyst inngang
  • Du gir beskjed i god tid dersom du ikkje treng hjelp eller om du reiser bort
  • Dersom du har tryggleiksalarm, brukar du han berre ved akutt behov for helsehjelp
  • Du ringer heimesjukepleien på vakttelefonane om det er nødvendige beskjedar som skal gjevast. Ha forståelse for at dei tilsette kan vera opptatt hos brukarar, og difor ikkje kan ta telefonen med ein gong. Dei ringjer opp att når dei kan.
  • Dersom du røyker inne rett før vi kjem, luftar du godt.
  • Syt for at me kjem oss heilt fram til bustaden din både sommar og vinter
  • Hald kjæledyr i band eller inne på andre rom medan vi er hos deg

Hjelpebehovet ditt blir jamleg vurdert av fagpersonar i heimetenestene. Tilbodet kan reduserast eller aukast dersom det er endringar i behovet ditt.

Dersom du mottar hjelp frå to eller fleire instansar i kommunenkan det vere aktuelt med individuell plan eller koordinator.

Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis.

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgtenester.  Her søker du om helse og omsorgstenester - Nettsider for Kvam herad (www.kvam.no)

Organisering av  heimesjukepleien

Kvam heimeteneste, gjer tenester frå Kjepso til Ljones.

Me har hovudbase på Toloheimen, samt ein base i Ålvik.

  • Heimesjukepleien i Ålvik har kontor i Ålvik omsorgsbustad.

Adressa er Ålvikvegen 1105, 5614 Ålvik. Dei har ansvar for tenestene i Ytre og Indre Ålvik.

  • Heimesjukepleien i Strandebarm har kontor på Strandebarm omsorg.

Adressa er Tangeråsneset 25, 5630 Strandebarm. Dei har ansvar for tenestene frå Ljones til Gravdal .

I tillegg blir det gjeve heimetenester til personar med psykisk utviklingshemming i Øystese og Norheimsund.

  • Gropaflaten/Gropa/Stoppelgjerd/Utsikten/Bergtun.

Adresse: Fitjadalsvegen 1, 5610 Øystese.  

  • Kalhagen 

Adresse: Nedre Norheim 45, 5600 Norheimsund.

Lovar og reglar

Klage

Les meir om rett til å klage: Klage på helse og omsorgstenester - Nettsider for Kvam herad (www.kvam.no)

Heimetenesta

Kvam heimeteneste i Norheimsund, Øystese og Ålvik
Gruppeleiar Annelin Aga
epost: annaga@kvam.kommune.no
Man - fredag: 482 08 990
Vakthavande sjukepleiar Norheimsund: 918 45 647
Vakthavande sjukepleiar Øystese: 913 92 580

Bufellesskap Øystese (Gropa, Gropaflaten, Stoppelsgjerd, Bergtun)
Adresse: Øysteseheimen, Skårdalsvegen 20, 5610 Øystese.

Gruppeleiar Ester Aalvik Hauger
epost: esthau@kvam.kommune.no
Man- fredag: 901 84 551

Vakttelefonar:
Gropa: 902 30 417 / 947 95 611
Gropaflaten: 418 62 387
Utsikten: 418 62 118
Stoppelsgjerd: 469 32 013
Bergtun / ambulant natt: 908 96 384

Bufellesskap Kalhagen omsorg og ambulante heimetenester Norheimsund og Øystese
Adresse: Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund

Gruppeleiar Thale Valland
epost: thaval@kvam.kommune.no
Man- fredag: 941 71 804
Vakttelefon: 993 14 457
Kalhagen omsorg: 993 14 457
Hatlevegen: 902 82 853

Strandebarm heimeteneste
Adresse: Strandebarmheimen, Strandebarmvegen 530, 5630 Strandebarm

Gruppeleiar Elisabeth Svåsand
epost: elisva@kvam.kommune.no
Man - fredag: 905 77 307 / 918 17 408
Dag/kveld/natt: 905 77 307 / 913 92 578