Heimehjelp

For å hjelpa personar som ikkje greier seg sjølv i det daglege kan pleie og omsorgstenesta i Kvam herad gje tilbod om heimehjelp i eigen heim, trygdebustad eller i omsorgsbustad. Du må ha særskild behov for praktisk hjelp i heimen grunna sjukdom, funksjonsnedsetting eller alder.

Heimehjelpa som kjem frå kommunen er utstyrt med ID - kort og uniform, slik at du kjenner oss igjen.

Kva tilbyr me?

Du kan få hjelp til reinhald i heimen din.

  • golvvask og støvsuging av rom i dagleg bruk som stove, kjøkken, soverom, bad og gang
  • vask av bad
  • vask av vindauga når tilhøva er lagt til rette for det opp til 2 gonger pr. år
  • oppvask og klevask
  • skifting av sengetøy

Det vanlege timetalet ved tildeling av heimehjelp er 1,5 - 2 timar kvar tredje veke. Tenesta vert vanlegvis ikkje ytt i helger, på høgtidsdagar eller dagar du er bortreist.

Kva kostar det?

Det er eigenbetaling for heimehjelp etter statlege og kommunale satsar. Du betalar eit abonnement, prisen vert rekna ut etter husstanden si samla nettoinntekt. Du får tilsendt rekning kvar månad. Maksimal timepris for heimehjelp er sett til kr 421,- pr. 14.08.2023.

Praktisk bistand og opplæring til personleg stell og eigenomsorg er gratis.

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 165 kB).

For meir informasjon om søknad sjå her.

Lover og reglar

Klage

For meir informasjon sjå her.

Heimetenesta

Kvam heimeteneste i Norheimsund, Øystese og Ålvik
Gruppeleiar Annelin Aga
epost: annaga@kvam.kommune.no
Man - fredag: 482 08 990
Vakthavande sjukepleiar Norheimsund: 918 45 647
Vakthavande sjukepleiar Øystese: 913 92 580

Bufellesskap Øystese (Gropa, Gropaflaten, Stoppelsgjerd, Bergtun)
Adresse: Øysteseheimen, Skårdalsvegen 20, 5610 Øystese.

Gruppeleiar Ester Aalvik Hauger
epost: esthau@kvam.kommune.no
Man- fredag: 901 84 551

Vakttelefonar:
Gropa: 902 30 417 / 947 95 611
Gropaflaten: 418 62 387
Utsikten: 418 62 118
Stoppelsgjerd: 469 32 013
Bergtun / ambulant natt: 908 96 384

Bufellesskap Kalhagen omsorg og ambulante heimetenester Norheimsund og Øystese
Adresse: Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund

Gruppeleiar Thale Valland
epost: thaval@kvam.kommune.no
Man- fredag: 941 71 804
Vakttelefon: 993 14 457
Kalhagen omsorg: 993 14 457
Hatlevegen: 902 82 853

Strandebarm heimeteneste
Adresse: Strandebarmheimen, Strandebarmvegen 530, 5630 Strandebarm

Gruppeleiar Elisabeth Svåsand
epost: elisva@kvam.kommune.no
Man - fredag: 905 77 307 / 918 17 408
Dag/kveld/natt: 905 77 307 / 913 92 578