Strandebarm omsorgsbustader

Strandebarm omsorgsbustader er lokalisert på Børsheim i Strandebarm, på nedsida av Strandebarmheimen.

  • 7 enkle bustader

Det er heimetenesta i Strandebarm som har ansvar for bustadane. Det er i hovudsak eldre med daglege hjelpebehov som bur her. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak. Omsorgsbustadane har felles vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel som bebuarane kan nytta. Det er felles måltid i fellesrom for dei som ynskjer det.

Tilbod

  • uteområde knytt til Strandebarmheimen
  • taxisykkel til bruk ute
  • frisør på Strandebarmheimen
  • fotpleie på Strandebarmheimen
  • fysioterapi etter behov
  • hjelp til å formidla kontakt med fastlege
  • gratis tannpleie og hjelp til bestilling av time
  • kjøkken med felles måltid eller måltid i eigen bustad
  • delta i aktivitetar på Strandebarmheimen
  • handletralle kvar måndag
  • kafe ein gong i månaden i regi av Grannehjelpa
  • andakt ein gong i månaden på Strandebarmheimen. Prest er tilgjengeleg ved behov

Måltid

Middag kan bestillast frå A2G Logistikk AS i Bergen. Alle som bur her kan få servert middag og andre måltid i fellesrom. Dette opplever dei fleste som svært positivt.

Det er fokus på ernæring og personalet vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bord vert dekt og pynta etter årstid.

Strandebarmheimen

Telefon: 56 55 31 10
Sjukepleiar: 913 92 578

Gruppeleiar
Liv Berit Eide
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 56 55 31 13 / 918 17 408
Epost: liei@kvam.kommune.no

Gruppeleiar
Elisabeth Svåsand
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 56 55 31 13 / 918 17 408
Epost: elisva@kvam.kommune.no

Adresse

Strandebarmheimen
Strandebarmvegen 530
5630 Strandebarm