Hatlevegen trygdebustader

Trygdebustadane er lokalisert i Hatlevegen i Norheimsund på oppsida av Toloheimen.

  • 12 enkle bustader
  • 12 bustader med 2 soverom

Kvam herad har tilbod om utleige av husvære som er særleg tilrettelagt for funksjonshemma. Det er Tolo omsorg gruppe 1 og Kalhagen i Norheimsund som har ansvar for bustadane. Det er i hovudsak eldre og personar med psykisk utviklingshemming som bur her. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak.

Tilbod

  • uteområde og veranda utanfor kvar bustad
  • hjelp til å formidla kontakt med fastlege
  • gratis tannpleie og hjelp til bestilling av time
  • kan delta i ulike aktivitetar i Tolo omsorg og i Kalhagen
  • bebuarane kan nytta seg av felleshuset til ulike aktivitetar og overnatting etter avtale

Måltid

Middag kan bestillast frå A2G Logistikk AS i Bergen for dei som ynskjer det.. 

Kalhagen

Telefon: 56 55 25 99 / 993 14 457

Gruppeleiar
Thale Valland
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 56 55 25 99 / 941 71 804
Epost: thaval@kvam.kommune.no

Adresse
Nedre Norheim 45
5600 Norheimsund