Hatlevegen omsorgsbustader

Hatlevegen omsorgsbustader er lokalisert i Hatlevegen på oppsida av Toloheimen.

  • 5 enkle bustader

Det er Kalhagen som har ansvar for bustadane. Det er i hovudsak eldre med daglege hjelpebehov som bur her. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak. Hatlevegen har felles vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel som bebuarane kan nytta. Det er felles måltid i fellesrom på kjøkkenet for dei som ynskjer det.

Tilbod

  • uteområde og veranda utanfor kvar bustad
  • taxisykkel til bruk ute
  • frisør på Toloheimen
  • fotpleie på Toloheimen
  • fysioterapi etter behov
  • hjelp til å formidla kontakt med fastlege
  • gratis tannpleie og hjelp til bestilling av time
  • kjøkken med felles måltid eller måltid i eigen bustad
  • sangstund i regi av Grannehjelpa i Tolo omsorg
  • andakt ein gong i månaden i Tolo omsorg. Prest er tilgjengeleg ved behov

Måltid

Middag kan bestillast frå A2G Logistikk AS i Bergen. Alle som bur her kan få servert måltid i fellesrom. Dette opplever dei fleste som svært positivt.

Det er fokus på ernæring og personalet vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bord vert dekt og pynta etter årstid.

Kalhagen

Telefon: 56 55 25 99 / 993 14 457

Gruppeleiar
Thale Valland
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 56 55 25 99 / 941 71 804
Epost: thaval@kvam.kommune.no

Adresse
Nedre Norheim 45
5600 Norheimsund