Ålvik trygde- og omsorgsbustader

Ålvik trygde- og omsorgsbustader ligg fint til på nedsida av Ålvikvegen ved fjorden i Ålvik.

  • 6 trygdebustader
  • 23 omsorgsbustader

Det er hovudsakleg eldre bebuarar med daglege hjelpebehov som bur her. Omsorgsbustadane som vert kalla "Pensjonisten", er base for heimetenesta i Ålvik. Sone Ålvik har ansvar frå Steinstøberget til kommunegrensa mot Granvin.
Bebuarane får tenester etter behov og etter enkeltvedtak. Det er god fagleg kompetanse i Ålvik, og tenesta har tett samarbeid med lege på legekontoret i Ålvik. Nattenesta i Øystese har ansvar for Ålvik på natt. Det er dagsenter knytt til bustadane 5 dagar i veka.

Tilbod

  • fint uteområde med gangveg.
  • sansehage med blomar og buskar langs gangvegen
  • trimsykkel med tilgang til blant anna lokale filmar
  • pensjonistlaget har møte i fellesstova ein ettermiddag i månaden
  • barnehage og skule kjem innom dagsenteret
  • fotpleie kvar fjortande dag
  • gratis tannpleie og hjelp til bestilling av time
  • legekontor og hjelp med timebestilling
  • fysioterapiteneste ved behov
  • andakt kvar tredje veke. Prest er tilgjengeleg ved behov

Måltid

Middag vert levert frå A2G Logistikk AS i Bergen.

Ålvik trygde og omsorgsbustad

Vaktrom: 56 55 34 50

Mobil: 913 92 579 / 903 68 908

Gruppeleiar
Heidi Steine
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 481 45 217
Epost: heiste@kvam.kommune.no

Adresse

Ålvikvegen 1105
5614 Ålvik