Trygde- og omsorgsbustad

Kva tilbyr me?

Kvam herad har trygde- og omsorgsbustader for utleige.

Trygdebustader: tilrettelagt husvære for funksjonshemma; husvære med stove/kjøkken, soverom, bad/toalett.
Omsorgsbustad med fellesareal: stove/kjøkken, bad/toalett, soverom + fellesareal saman med andre.
Omsorgsbustad i bufellesskap: 1 rom med kjøkkenkrok, bad/toalett, stove og kjøkken i fellesskap med andre (7-9 bueiningar samla). Omsorgsbustad har heildøgns bemanning.

Tenesta har fylgjande tilbod;

Ålvik: 3 trygdebustader og 22 omsorgsbustader med fellesareal. Målgruppa er primært eldre.

Øystese: 10 trygdebustader med fellesareal i Rokabrekka og 31 omsorgsbustader i bufellesskap på Mikkjelsflaten. Målgruppe primært eldre.

Norheimsund: 24 trygdebustader på Tolo, 5 omsorgsbustader med fellesareal i Hatlevegen, 32 omsorgsbustader på Tolo omsorg og 3 omsorgsbustader i Tørvikbygd aldersbustadlag (det er 9 bustader i Tørvikbygd, kommunen har tildelingsansvar for 3 av desse).

Strandebarm: 6 trygdebustader og 7 omsorgsbustader med fellesareal. Målgruppa er primært eldre.

Leige av trygdebustad

Leige av omsorgsbustad


Kva kostar det?

Det er eigenbetaling for leige av trygde- og omsorgsbustader etter kommunale satsar. For meir informasjon sjå oversikten over kommunale satsar.

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgstenester (PDF-format).

For meir informasjon om søknad sjå her.

Lover og reglar

Klage

For meir informasjon om klage sjå her.

Oppseiing av kommunal bustad

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Vikarierande Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Elfrid Oma
Telefon: 56558606
Mobil: 995 48 856 - 90681038
E-post:elom@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no