Tolo omsorg

Tolo omsorg ligg fint til mellom Hardangerfjordvegen og Toloheimen i Norheimsund.

Tolo omsorg hus A og B;

  • 32 enkle bustader

Det er i hovudsak eldre med daglege hjelpebehov som bur her. Bustaden har heildøgns omsorg. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak.

Tilbod

  • fint uteområde
  • taxisykkel til bruk ute
  • frisør på Toloheimen
  • fotpleie på Toloheimen
  • fysioterapi etter behov
  • hjelp til å formidla kontakt med fastlege
  • gratis tannpleie og hjelp til bestilling av time
  • kjøkken med felles måltid eller måltid i eigen bustad
  • sangstund i regi av Grannehjelpa
  • trimstund saman med personalet
  • andakt ein gong i månaden. Prest er tilgjengeleg ved behov

Måltid

Middag vert levert frå A2G Logistikk AS i Bergen. Frukost, lunsj og kveldsmat lagar me sjølv på felleskjøkken for dei som ynskjer det. Alle som bur her får servert måltid i fellesrom. Dette opplever dei fleste som positivt.

Tolo omsorg har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bordet vert dekt og pynta etter årstid.

Tolo omsorg (Hus A og B)

Telefon: 414 26 627

Gruppeleiar
Rønnaug Bergesen
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 902 54 038
Epost: RB@kvam.kommune.no

Adresse:

Hardangerfjordvegen 54/56
5600 Norheimsund