Strandebarmheimen

Strandebarmheimen ligg på nedsida av Strandebarmsvegen på Børsheim i Strandebarm.

  • 13 langtidsplassar

Strandebarmheimen har dagsentertilbod 5 dagar i veka for heimebuande. Det er aktivitør knytt til dagsenteret.
Strandebarmheimen er base for heimetenesta i Strandebarm med ansvarsområde frå Gravdal til Ljones. Leiar på Strandebarmheimen har ansvar for nattenesta i Strandebarm.

Tilbod

  • fint uteområde med sitteplassar
  • taxisykkel til bruk ute
  • frisør kjem på Strandebarmheimen ved behov
  • fotpleiar kjem på strandebarmheimen ved behov
  • tilsynslege ein gong i veka
  • fysioterapeut etter behov
  • gratis tannpleie og hjelp til bestilling av time. Tannpleiar kjem på Strandebarmheimen ein gong i året
  • kjøkken med felles måltid
  • handletralle kvar måndag
  • seniordans ein gong i månaden
  • motiview trimsykkel knytt til lokale filmar
  • kaffikos i regi av kvinne og familielaget
  • andakt ein til to gonger i månaden. Prest er tilgjengeleg ved behov

Måltid

Middag vert levert frå A2G Logistikk AS i Bergen. Frukost, lunsj og kveldsmat lagar me sjølv på felleskjøkken.

Strandebarmheimen har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bord vert dekt og pynta etter årstid.

 

 

Strandebarmheimen

Telefon: 56 55 31 10
Sjukepleiar: 913 92 578

Gruppeleiar
Liv Berit Eide
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 56 55 31 13 / 918 17 408
Epost: liei@kvam.kommune.no

Gruppeleiar
Elisabeth Svåsand
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 56 55 31 13 / 918 17 408
Epost: elisva@kvam.kommune.no

Adresse

Strandebarmheimen
Strandebarmvegen 530
5630 Strandebarm