Øysteseheimen gr 2

Gruppe 2 er fordelt på 2 etasjer, 1. og 2. etg. på Øysteseheimen.
Øysteseheimen ligg vakkert og solrikt til i Skårdalsvegen 20 i Øystese, med utsikt over bygda, fjorden og Folgefonna.
Gruppe 2 er ei somatisk langtidsavdeling.

  • 18 langtidsplassar

Avdelinga legg vekt på å ha ein roleg og trygg atmosfære, med individuelt tilpassa behandling og oppfølging. Avdelinga har ei stabil personalgruppe med god kompetanse.

Tilbod

  • hjelp til å koma ut. Uteområdet er tilpassa rullestolbrukarar og personar med nedsett gangfunksjon. Det er sittegrupper i hagen, der ein på to stader har høve til å steike vafler og lignende Hagen har blomar, frukttre og bærbuskar.
  • taxisykkel til bruk ute
  • frisør kjem på Øysteseheimen ved behov
  • fotpleiar kjem til Øysteseheimen ved behov
  • tilsynslege kvar torsdag og ellers ved behov
  • fysioterapi ved behov
  • kjøkken i kvar etasje med felles måltid
  • gratis tannpleie med hjelp til bestilling av time. Tannpleiar kjem på avdelinga ein gong i året
  • andakt ein gong i månaden. Prest er tilgjengeleg ved behov
  • underhaldning og kaffi med bebuarane 1 - 2 gonger i månaden i regi av Grannehjelpa og andre frivillige organisasjonar

Måltid

Middag vert levert frå A2G Logistikk AS Bergen. Frukost, lunsj og kveldsmat vert laga på avdelinga på felleskjøkken. Gruppe 2 har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bordet vert dekka og pynta etter årstid.

Øysteseheimen langtidsavdeling

Vakttelefon: 911 94 876 (dag/kveld) / 908 36 209 (natt)

Gruppeleiar
Margunn Lofthus
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 974 84 612
Epost: marlof@kvam.kommune.no

Gruppeleiar
Margaret Mæland
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 974 78 554
Epost: mame@kvam.kommune.no

Adresse
Øysteseheimen
Skårdalsvegen 20
5610 Øystese