Mikkjelsflaten omsorgsbustader

Mikkjelsflaten omsorgsbustader ligg fint til i Rokabrekka i Øystese og har heildøgns omsorg. Det er kort avstand til Øystese skule, kulturhuset Kabuso, Øystese kyrkje, strandpromenaden, park og butikkar. 

På Mikkjelsflaten er det;

  • 25 enkle bustader
  • 6 bustader som er tilegna ektepar

Det er i hovedsak eldre bebuarar med daglege hjelpebehov som bur på Mikkjelsflaten. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak.

Tilbod

  • fint uteområde med gangveg rundt Mikkjelflaten
  • taxisykkel til bruk ute
  • gangavstand til frisør i Øystese sentrum
  • gangavstand til fotpleie i Øystese sentrum
  • Helsebanken legesenter i gangavstand frå Mikkjelsflaten
  • fysioterapitenester i Helsebanken
  • kjøkken med felles måltid eller måltid i eigen bustad
  • frivillige frå Grannehjelpa tilbyr aktivitet kvar tredje torsdag ettermiddag
  • andakt ein gong i månaden. Prest er tilgjengeleg ved behov

Måltid

Middag vert levert frå A2G Logistikk AS i Bergen. Frukost, lunsj og kveldsmat lagar me sjølv på felleskjøkken for dei som ynskjer det.

Mikkjelsflaten har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bord vert dekt og pynta etter årstid.

Mikkjelsflaten omsorgsbustader

Vakttelefon: 482 95 875 / 481 23 581

Gruppeleiar
Ingunn Kråkevik
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 56 55 69 57 / 915 43 570
Epost: ingkra@kvam.kommune.no

Adresse:

Rokabrekka 1
5610 Øystese