Langtidsplass på sjukeheim og bustad med heildøgns omsorg

Kva tilbyr me?

Langtidsplass på institusjon eller omsorgsbustad med heildøgns bemanning.
Omsorgsbustad i bufellesskap: 1 rom med kjøkkenkrok, bad/toalett, stove og kjøkken i fellesskap med andre (7-9 bueiningar samla). Omsorgsbustad har heildøgns bemanning.

Tenesta har fylgjande tilbod;

Toloheimen: 16 langtidsplassar i 2 dementavdelingar (gruppe 3 aust og gruppe 3 vest)
Øysteseheimen: 10 langtidsplassar i dementavdeling (gruppe 3) og 18 langtidsplassar i ordinær langtidsavdeling (gruppe 2)
Strandebarmheimen: 13 langtidsplassar i ordinær langtidsavdeling

Tenesta har 3 omsorgsbustader med heildøgns omsorg;
Tolo omsorg Hus A: 16 enkle bustader
Tolo omsorg Hus B: 16 enkle bustader
Mikkjelsflaten omsorgsbustader: 25 enkle og 6 bustader som er tilegna ektepar

Kva kostar det?

Prisen for ein langtidsplass vert berekna ut fra din grunnpensjon frå Folketrygda, se  nærmare berekning i § 3 i Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgstenester (PDF-format).

For meir informasjon om søknad sjå her.

Lover og reglar

Klage

For meir informasjon om klage sjå her.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Vikarierande Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Elfrid Oma
Telefon: 56558606
Mobil: 995 48 856 - 90681038
E-post:elom@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no