Kvam rehabilitering- og behandlingsavdeling

Avdelinga er ei korttidsavdeling og har 16 einerom på Toloheimen i Norheimsund. Pasientar kjem både frå sjukehus og frå heimen. Avdelinga gjev tilbod til personar frå heile kommunen.

 

Kva tilbyr me?

  • Utgreiing og behandling innanfor vårt kompetansenivå.
  • Rehabilitering: Tidsavgrensa, planlagte prosessar med klare mål og verkemiddel. Fleire aktørar samarbeider om å gje nødvendig bistand til brukaren sin eigen innsats for å oppnå best mogeleg funksjons- og mestringsevne, sjølvstendigheit og deltaking sosialt og i samfunnet.
  • Hos oss får rehabililteringspasientar fysioterapi 5 dagar i veka. I tillegg ligg forholda godt til rette for eigentrening. Avdelinga har ergoterapeut.
  • Palliasjon  Me skal legge til rette for å gje god symptomlindring, god pleie og omsorg for pasientar i livets sluttfase. Hos oss har me sjukepleiarar med vidareutdanning i kreftomsorg og palliasjon.
  • Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØDH). Tenesta er eit alternativ til innlegging i sjukehus for nokre pasientgrupper som kan få  eit like godt eller betre tilbod gjennom ØHD.  I Kvam har vi ei ØHD seng som er lokalisert på Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling i Norheimsund.

 

Kven kan få tilbodet?

Rehabilitering:

Tilbod for vaksne- over 18 år

  • pasient må vera ferdig diagnostisert og ferdigbehandla av fastlege eller sjukehus
  • det må vera klarlagt at pasienten i utgangspunktet har eit rehabiliteringspotensiale
  • pasienten må vera kognitivt i stand til å gjennomføre trening etter instuksjon og vera motivert for stor eigeninnsats
  • pasientens behov må samsvara med den kompetansen me til ei kvar tid har i avdelinga

Utredning og behandling:

Tilbod til pasientar som i eit avgrensa tidsrom har behov for :

  • vidare behandling/ oppfylgjing etter sjukehusopphald 
  • medisinsk behandling innanfor vårt kompetansenivå
  • å avklare hjelpebehov/ omsorgsnivå etter akutt eller kronisk sjukdom for pasientar frå primærhelsetenesta i kommunen
  • omfattande pleie/ omsorg         

Kva kostar det?

Korttidsopphald i institusjon- opp til 60 dagar pr kalenderår- kostar 175 kroner pr døgn, sjå kommunale satsar (PDF, 668 kB). Dette inkluderer alle måltid, medisinsk behandling, medikament og fysio- og ergoterapitenester. 

For opphald utover 60 dagar gjeld andre satsar som for langtidsplass på institusjon. Prisen for ein langtidsplass vert berekna ut fra din grunnpensjon frå Folketrygden, se  nærmere beregning i § 3 i Forskrift om eigenandel for kommunale helse- og omsorgstenester.

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgstenester. (PDF, 533 kB)

For meir informasjon sjå  her.
 

Lovar og reglar

Du kan lese om dine rettar her:

Klage

Du finn meir informasjon her.

Siw Waage Solvåg
E-post
Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling
Telefon 56 55 86 20

Mobil: 910 04 700

Adresse:
Toloheimen, Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund