Demensteam

I demensteamet i Kvam herad er det lege, ergoterapeut, vernepleiar og sjukepleiar.

Kva tilbyr me?

Demensteamet skal sikra at personar med demens og pårørande får god kartlegging, og eit godt tilpassa tenestetilbod.

Arbeidsoppgåver:

  • heimebesøk med kartlegging av diagnose og vurdering av hjelpebehov
  • me gjev råd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • for utvalde brukarar kan me tilby oppfølging
  • me samarbeider med fastlege, institusjon, heimetenester og tenestekontor m.fl.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Slik kontaktar du oss

Alle som har ei bekymring knytta til demens, for eigen del, som pårørande eller hjelpepersonell kan gjerne ta kontakt med oss.

Telefon:

Du kan og kontakta oss via fastlege.