Utekontakt

Klikk for stort bileteUtekontakten i Kvam er eit oppsøkande og lett tilgjengeleg tilbod for ungdom og unge vaksne mellom 13 og 20 år. Tilbodet er for alle ungdomar i Kvam og nettverket deira.

Du kan ta kontakt med oss berre for å slå av ein prat, spørja oss om ting du lurer på, fortelja oss noko som bekymrar deg eller få vita kor du kan søkja hjelp viss du eller andre ungdomar treng det. Utekontakten har teieplikt.

Utekontakten samarbeider med andre i kommunen for å førebyggja rus, kriminalitet og psykososiale utfordringar.

Utekontakten driv ungdomsbasen – ein treffstad for ungdom frå 13 – 20 år. Opningstid kvar torsdag frå 14.30 til 20.00. Utanom desse tidene er me tilgjengeleg på telefon og for avtalar. Tilbodet er gratis!

Utekontakten ynskjer å vera til hjelp og støtte for unge i Kvam! Me er ute der ungdom er, eller inne på basen 😊. Me e` her for deg!

Følg oss på Facebook, Instagram og Snapchat (kvam.utekontakt)

Utekontakten i Kvam

Hallgeir Kjosås: Tlf: 916 05 119
halkjo@kvam.kommune.no

Siriann Lillevik: Tlf: 977 28 718
sirlil@kvam.kommune.no