Krinsgrensene

Frå 1. august 2009 gjeld følgjande retningsliner for kva område som soknar til den enkelte grunnskule i Kvam.
 

Barnesteget:

Ålvik skule

Barn busette frå grense mot Granvin herad til og med Ytre Ålvik. Området er identisk med opptaksområdet til Ålvik skule. Gjeld frå skuleåret 2009/10.

Øystese barneskule

Barn busette på strekningen Steinstøberget - Kaldavadet - Bjelkaneset - Nes. Området er identisk med opptaksområdet til tidlegare skular Fykse skule og Øystese barneskule. Gjeld frå skuleåret 2007/08.

Norheimsund skule

Barn busette på strekningen strekningen Mo (Steinsdalen) – Kvamskogen, mot grense Samnanger kommune, Nes – Norheimsund – Kaldestad, strekningen Skiftesgjel ved Kaldestad – Vangdal. Opptaksområdet omfattar og Seland og Tolomarka. Området er identisk med opptaksområdet til Norheimsund, Steinsdalen og Vikøy/Aksnes skular. Gjeld frå skuleåret 2010/11.

Tørvikbygd skule

Barn busette på strekningen Vangdalsberget – Tørvikbygd - Eide/Åse. Opptaksområdet omfattar og Heradstveit. Området er identisk med det tidlegare opptaksområdet til Tørvikbygd skule. 

Strandebarm skule

Barn busette på strekningen Ljones – Røyrvik - Linga – Bakkaskogen, Dysvik – Våtavik og strekninga Nybru - Nes - Leirstein – Gravdal (tidlegare Mundheim skule) Området er identisk med opptaksområdet til dei tidlegare skulane Strandebarm skule, Innstranda skule og Oma skule. Gjeld frå skuleåret 2008/09.

Ungdomssteget:

Kvam ungdomsskule

Frå skuleåret 2009/10 gjeld det elevane frå Ålvik skule, Øystese barneskule, Norheimsund barneskule, Steinsdalen skule og Vikøy/Aksnes skule. (Elevar frå Tørvikbygd som har starta på ungdomsskule i Norheimsund, fullfører ungdomsskulen ved Kvam ungdomsskule).

Strandebarm skule

Frå skuleåret 2009/10 gjeld det elevane frå Strandebarm skule og elevane frå Tørvikbygd skule.

Vedteke i Kvam heradsstyre 10. mars 2009.
Forskrifta er gitt med heimel i Opplæringslova §8-1 og i samsvar med saksgang gitt i Forvaltningslova §§ 37-40