Forskrift om byte av skule

Forskrift om byte av skule for grunnskulen i Kvam herad. Gjeldande frå 19. mai 2014.

§ 1.0 Heimel

Med heimel i lov av 17.07. 1998 nr. 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, opplæringslova, sin § 8-1 har Kvam heradsstyre fastsett forskrift om byte av skule for grunnskulen i Kvam.

§ 2.0 Formål

Formålet er å få ein praksis for byte av skule som ikkje er i strid med nærskuleprinsippet og som vil sikra mest mogleg lik handsaming av alle elevane i Kvam herad.

§ 3.0 Søknadsprosedyre

Søknader om byte av skule eller opptak ved anna skule enn nærskulen skal sendast til oppvekstavdelinga innan 1. april. Søknader om å få halda fram ved den same skulen etter flytting internt i kommunen må sendast snarast etter flyttedato. Rektor ved dei involverte skulane skal gi uttale ved alle type søknader.

§ 4.0 Føresetnad for eit positivt vedtak

Ein viktig føresetnad for positivt vedtak er at det er plass ved den aktuelle skulen. Ulike moment som må vurderast er talet på ledige rom, organiseringa av årstrinna, storleiken på gruppene og inneklimaet. Avslag på søknad grunna mangel på plass på eit gitt tidspunkt er ikkje usakleg forskjellshandsaming.

§ 5.0 Grunnlag som kan gi positive vedtak ved søknad

Under er det presentert mulig grunnar for skulebyte. Søkjarar med grunnar som er nemnde i forarbeida til lova kan verta prioritert.

Dei opplista grunnane fører ikkje automatisk til positive vedtak.

1. Høyrer til anna skulekrins, men eleven er busett i nærleik av skulen eleven ynskjer å gå.
2. Eleven har sysken ved den skulen han ynskjer å gå på.
3. Eleven får tryggare skuleveg til den omsøkte skulen.
4. Sosiale og medisinske tilhøve.
5. Eleven bur tett ved krinsgrensa og dei andre barna i nærmiljøet går på ein annan skule.
6. Søkjaren ber om at eleven får halda fram ved same skulen etter intern flytting i kommunen. Eleven kan få halda fram ved skulen resten av skuleåret.
7. Ved særlege grunnar kan ein søka om å få gå på skule i annan kommune.

Søknadene må ha ei grunngjeving som gjer at det vert korrekt å handsama vedkomande elev annleis dei andre elevane.

§ 6.0 Sakshandsamingsreglar

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter § 2b i forvaltningslova med vanleg svarfrist på ein månad.

§ 7.0 Klage ved søknader om byte av skule

Ved avslag på søknaden gjeld vanleg klagerett etter §§ 28 og 29 i forvaltningslova, med ein klagefrist på 3 veker. Dersom me etter ny vurdering ikkje finn grunn til å endra vedtaket, vert klagen sendt til klageinstansen, Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland.

§ 8.0 Skysskostnader ved byte av skule

Kostnader med skuleskyss ved byte av skule skal som hovudregel betalast av kommunen. Ved godkjent søknad om å få gå ved same skule etter intern flytting § 5.0 nr. 7, må føresette rekna med å betala skysskostnadene.

§ 9.0 Iverksetjing

Forskrifta vert sett i verk 19.05.2014.