Søknad barnehageplass

Frist for å søkja barnehageplass frå august 2021, eller seinare i barnehageåret 21/22, er 1. februar 2021

Alle barn som er fødd før 01.12.20  har lovfesta rett på barnehageplass frå og medaugust 2021 eller den månaden dei fyller 1 år, når det er søkt om plass innan søknadsfristen. 

Kvam herad har ikkje opptak i januar. Det betyr at dei som må ha plass frå januar 2021, bør takka ja til barnehageplass frå august 2021, eller den månaden barnet fyller 1 år. 

Dersom det er ynskjeleg med oppstart januar 2022, venlegst skriv dette i merknadsfeltet. Kvam herad vil prøva å etterkoma ynskjet, dersom det let seg gjera ut frå ei samla vurdering av bemanning og organisering i barnehagen. 

Barnehagesøknad føregår elektronisk, og søknadsskjemaet ligg på heimesida til Kvam herad, samt på heimesidene til alle barnehagane. I Kvam herad sitt digitale opptakssystem vil meldingar mellom Kvam herad og føresette føregå på epost, som til dømes melding om motteken søknad og tilbod om plass. Sjekk at du skriv inn rett epost-adresse.  

Til orientering når du skal søkja 

Du treng ikkje å logga inn for å søkja plass, men du må ha e-post, mobilnummer og fødselsnummer eller ID-nummer. 

Du må vera innlogga for å: 

  • endra/sletta søknad
  • følgja saksgang på søknad
  • svara på tilbod 

Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides). 
 
Søknaden kan ikkje endrast i februar, medan barnehagane jobbar med opptaket. Har du likevel behov for endring, ta kontakt med Heidi Milje på e-post hemi@kvam.kommune.no

Barnehagar i Kvam frå august 2021: 

Tilbod om plass vert sendt ut siste halvdel av februar 2021. 

Har de spørsmål knytt til dei ulike barnehagane, kontakt styraren i den aktuelle barnehagen. For spørsmål nytt til søknad og opptaksprosess, kontakt Heidi Milje, tlf. 56 55 30 79

For andre spørsmål, kontakt leiar for barnehage/skule i Kvam, Inga Lill Jensen Tolo, tlf. 951 19 865

Inga Lill Jensen Tolo
Leiar for barnehage og skule
E-post
Telefon 56 55 30 58