Informasjon
Kvam heradstyre vedtok 8. desember 2022 å setje av 2,5 millionar til straumstøtte til næringslivet i Kvam
Støtta skal vera vederlag for ekstraordinært høge straumkostnader andre halvår 2022,
føresett at pris har vore over ei krone pr kWh (eks mva.) – og at dette fører til at bedrifta går med underskot.
- Gjeld ikkje dei som har fått stønad etter statleg ordning
- Gjeld ikkje offentleg verksemd og kraftselskap
- Bedrifter som søkjer må ha tilsette i lønna arbeid
- Potten vert fordelt forholdsmessig etter skjøn
- Formannskapet får fullmakt til å gjera vedtak etter innstilling frå administrasjonen
- Søkjarar må ha forretningsadresse i Kvam
- Utanom dette kan skitrekk søkja om stønad til inneverande sesong dersom kostnadene er over ei krone pr kWh eks mva.
- Stønadssum er avgrensa oppad til kr 250.000,- pr verksemd
Administrasjonen har laga søknadsskjema med krav til dokumentasjon