• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
Krever innlogging: Valgfri innlogging til: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre til skjemaet

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Skjemautfylling

Søk om å bli støttekontakt

KVA ER EIN STØTTEKONTAKT?

Ein støttekontakt er ein person som over tid og gjennom samvær skal gje hjelp til meiningsfull fritid, sosialt samvær, venskapleg rådgjeving og hjelp.

Oppdraget er på brukaren sine premisser, føresetnader og interesser.

Støttekontakt er eit supplement til andre tenester (for eksempel heimehjelp), ikkje ei erstatning.

KVEN TRENG STØTTEKONTAKT?

Det er mange, både born, unge og vaksne, som treng støttekontakt. Årsak kan vera m.a. ulike funksjonshemmingar, alder,  psykiske vanskar eller sosiale problem. Nokon treng hjelp i ein overgangsfase, medan andre treng støtte over fleire år.


LOVGRUNNLAGET

Helse-og omsorgstjenesteloven § 3-2.
§ 3-2 punkt 6 omfattar m.a. "Personlig assistanse,herunder praktisk bistand, opplæring og støttekontakt."
"Det er formål å bidra til å gjøre den enkelte mest mulig selvhjulpen i dagliglivet. Bistand til å delta i fritidsaktiviteter omfattes også. Støttekontakt er nevnt i lovteksten som et eksempel på å gi personlig assistanse til deltagelse i fritidsaktiviteter."

KVEN KAN VERTA STØTTEKONTAKT

Menneske som treng støttekontakt er svært ulike, difor må og støttekontaktane vera ulike.
Ein støttekontakt skal helst ha fylt 18 år (yngre vert vurdert ved aktuelle oppdrag der ein ser det kan fungera).
Det er viktig at du er stabil og påliteleg, har ein avklara livssituasjon og du bør helst kunna binda deg for ei tid. Det er ein fordel at du har felles interesser med brukar.
Det viktigaste er å vera eit medmenneske.

KORLEIS VERTA STØTTEKONTAKT

Du kan venda deg direkte til Kvam herad, kultureininga.

ARBEIDSAVTALE

Får du oppdrag som støttekontakt i Kvam herad, vert det inngått ein skriftleg oppdragsavtale.

Som oppdragstakar for Kvam herad, må du retta deg etter Kvam herad sitt etiske reglement.
Det er krav om politiattest.

Vanlegvis er oppdraga 8-20 timar i mnd.
Underskrivne timelister skal leverast/sendast innan den 20. kvar månad. Utbetaling den 12. månaden etter.

Støttekontaktar vert løna som ufaglært assistent.
Oppdragsavtale vert gjort i samsvar med vedtaket, vanlegvis for eit år om gongen.


RETTLEIING

Ved oppdragsavtale som støttekontakt får du tildelt ein fagperson som rettleiar.



TEIEPLIKT

Som støttekontakt må du underskriva teieplikt.

UTGIFTER

Kvam herad har fylgjande retningsliner for dekking av utgifter i samband med støttekontaktoppdrag:
1. Utgifter vert godtgjort mot kvittering inntil kr. 200,- pr. mnd. dersom anna ikkje er avtalt. Dette gjeld eigne utgifter støttekontakten har saman med brukar, - td kinobillett, kafebesøk, billett i symjehall osb.
2. Utgifter til bruk av eigen bil i oppdraget vert dekka etter kommunale satsar opp til 150 km. pr. mnd. etter køyrerekning dersom anna ikkje er avtalt. Gjeld når støttekontakt har brukar med i bilen.
3. Utgifter ut over dette, td spesielle arrangement eller turar, må godkjennast på førehand av sakshandsamar.


OPPSEIING

Oppdragsavtalen kan seiast opp av kvar av partane når ein finn at tiltaket ikkje fungerer, eller grunnlaget for tiltaket fell bort. Det er ein mnd. gjensidig oppseiing.

Dersom du tenkjer at dette kanskje er noko for deg så fyll ut skjemaet for å melda di interesse eller ta kontakt med Kvam herad: 468 78 369 eller stottekontakt@kvam.kommune.no

Utfylling og bruk

Klikk på hjelpesymbolene for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt uten aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Klikk på Hjelp øverst til høyre for generell hjelp om skjema.

Vent...

Loader

Skjemaeigar: Kvam herad | Telefon: 56 55 30 00 | E-post: postmottak@kvam.kommune.no