Lenke til artikkelinnhald - AktueltLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
ledige stillingar
kunngjering
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Nettkalender
UKM/kulturskulen..
Periode 16.02.2018 - 18.02.2018.
Sundag 18.02.2018:
Utstilling 11:00 Utstilling: Ragna Bley - Zooid..

Vinteren 2018 syner Ragna Bley (f.1986) utstillinga Zooid i Kabuso. Utstillinga består av ein serie store måleri på ubehandla seglduk og ei rekkje små bronseskulpturar sett saman til ein heilskap.
Bestilling 16:00 Bestilling bowling..
5 personer 2 baner kontakt tel 92023863 Lagt inn av: Helge Lønning.
Kino, toppramme
Kinoplakat
Kino, botnramme
Kino 17:30 Petter Kanin..

Spillefilm om Beatrix Potters kjente barnebokfigur, Petter Kanin Få barnebokfigurer er så sjarmernede som de man finner i Beatrix Potters univers. Nå er historien om eventyrlystne Petter Kanin her i
Utstilling 17:30 Hardanger Skyspace - visning av lysprogram..

Unike opplevingar i Hardanger Skyspace av James Turrell! Hardanger Skyspace er den nordlegaste lysinstallasjonen laga av den amerikanske kunstnaren - og byr på magiske opplevingar! Ved soloppgan
Kino, toppramme
Kinoplakat
Kino, botnramme
Kino 20:00 Downsizing..

Dramakomedie med Matt Damon Alexander Payne (Sideways, The Descendants) er tilbake med en absurd dramakomedie om en mann som finner ut at livet hans vil bli mye bedre hvis han bare krymper seg selv.
Tysdag 20.02.2018:
Utleige Karneval for Øystese barnehage v/trude Femsteinevik epost: Femsteinevik, Trude..
Karneval for Øystese barnehage v/trude Femsteinevik tlf: 41591568 epost:trfe@kvam.kommune.no .
Bestilling 17:30 Lokalliga på to banar..
Kvam3 - Os Lagt inn av: Frank Tangen.
Undervisning 19:30 Bygdadans..
Kvemmingen Spel- og Dansarlag har øvingar i bygdedans (springar, gangar, rudl, halling, pols med meir) i Holmatun. Instruksjon og levande felemusikk ! - kr 50..
Du er her: Startside / aktuelt /

Komfyrvakt reddar liv!

15. februar 2018 kl. 08:48 - Arthur Strømme
Me veit at komfyrbrannar er den klart største årsaka til brann i heimen, i fjor faktisk over 45 prosent av bustadbrannane her i landet. Ved å installera komfyrvakt kan du hindra komfyrbrann.

Tilbod om barnehageplass frå august 2018

15. februar 2018 kl. 06:33 - Beate Gauden
Hovudopptaket for tildeling av plass i barnehage i Kvam er no gjennomført. Alle born som er fødde før 01.12.2017 og som søkte om barnehageplass innan søknadsfristen 01.02.2018 har fått tilbod om barnehageplass i det området dei har søkt plass i.

UKM 18. februar kl. 14 i Norheimsund idrettshall

12. februar 2018 kl. 12:45 - Rolf Seldal
Kvam kulturskule arrangerer UKM i Norheimsund idrettshall søndag 18.februar kl.14.00. GRATIS INNGANG! Sal av mat og drikke!

Melding om oppstart av detaljreguleringsplan på Kvamskogen - Fureberghovden

6. februar 2018 kl. 14:25 - Trond Inge Brakestad
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Geoplan AS på oppdrag for Marianne Neumann Hjelle og Borghild Monsen Tveit, skal utarbeide ein detaljreguleringsplan for eigedomane gnr. 19 bnr. 547 og 548 m.fl. på Fureberghovden på Kvamskogen.

Melding om oppstart av detaljreguleringsplan på Kvamskogen - Området ved Kvamskogen landhandleri

6. februar 2018 kl. 13:45 - Trond Inge Brakestad
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Geoplan AS på oppdrag for NAF kro & camping AS skal utarbeide detaljregulering for eigedomane gnr. 21 bnr. 35, 612, 385, 730 m.fl.på Kvamskogen.

Retningsliner for tilskot til lokale kulturbygg - frist 15.3.18.

29. januar 2018 kl. 10:16 - Jon Nedkvitne
Hordaland fylkeskommune gjev tilskot til lokale kulturbygg. Tilskotet er ein del av spelemidlane frå Norsk Tipping og vert fordelt frå Kulturdepartementet til fylkeskommunane. Tilskot til lokale kulturbygg skal vere med på å etablere felles lokale, bygningar og utearena som gjev rom for ulik kulturell verksemd med både eigenaktivitet og formidling av kunst og kultur i Hordaland. Ta kontakt med samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne, jone@kvam.kommune.no , 56 55 30 21.

Ny plattform for utlysing av og søknad på ledige stillingar

25. januar 2018 kl. 14:20 - Frank Tangen
Kvam herad har tatt i bruk programvaren Webcruiter som verkty for publisering av ledige stillingar. Programmet tilbyr også digitale søknadsskjema for alle våre ledige stillingar. Diverre får me ikkje med oss data frå vår tidlegare søknadsmodul over i Webcruiter, så søkjarar som har søkt tidlegare må leggja inn sine data på ny i Webcruiter viss dei søker nye stillingar.

Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18

18. januar 2018 kl. 11:20 - Mary Ann Sørheim
Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18 Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja kulturtilskot for 2018. Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Vegarbeid i Skårdalsvegen (Fv 131)

15. januar 2018 kl. 07:12 - Nils Eivind Stranden
Kjosås Maskin AS skal utføra arbeid med utbetring av FV131 i Øystese, Skårdalsvegen, i perioden 15.01.2018 – 01.05.2018. Vegen kan verta stengt i inntil 30 minutt ved sprenging.
  • Sprenging vert varsla med lydsignal og skal utførast fredagar.

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

10. januar 2018 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert periodevis stengt måndag-torsdag på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 2. januar til 30. april 2018. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Sjekk detaljar på vegvesen.no

Vegstenging - Netelandsbrua i Steinsdalen

25. desember 2017 kl. 08:13 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad skal utbetra Netelandsbrua i den kommunale vegen i Steinsdalen. Eksisterande bru skal fjernast (sjå raudt kryss i kart) og det vert lagt nye element som grunnlag for ny bru. Fundament på kvar side skal også utbetrast/fornyast. Dette betyr at vegen vert stengt i ein periode framover. Det vil ikkje vera mogeleg med gjennomkøyring i denne perioden, men det vil fortsatt vera tilkomst frå kvar side frå Steine og frå Dalatun.
  • Det er planlagt at arbeidet vil pågå frå og med måndag 8. januar til fredag 20. april 2018. Sluttdatoen kan bli endra.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117


TEIKN AVTALE HER Teikn avtale her


SNARVEGAR
Bibliotek  - vert opna i nytt vindauge Bibliotek
eFaktura/AvtaleGiro  - vert opna i nytt vindauge eFaktura/AvtaleGiro
Eigedomar til sals  - vert opna i nytt vindauge Eigedomar til sals
Epostlesar  - vert opna i nytt vindauge Epostlesar
Innbyggjarforslag  - vert opna i nytt vindauge Innbyggjarforslag
Kart - avansert  - vert opna i nytt vindauge Kart - avansert
Kart - enkelt  - vert opna i nytt vindauge Kart - enkelt
Kinoguiden  - vert opna i nytt vindauge Kinoguiden
Kvam bompengeselskap  - vert opna i nytt vindauge Kvam bompengeselskap
MinGat - pålogging  - vert opna i nytt vindauge MinGat - pålogging
Ung fritid  - vert opna i nytt vindauge Ung fritid
Visma for tilsette  - vert opna i nytt vindauge Visma for tilsette

FACEBOOK  Facebook

LAGSPORTALEN
Alle lag og organisasjonar i Kvam har høve til å publisere artiklar på Lagsportalen. Her får du dei sist publiserte sortert etter dato.
Hårfint tap mot top..
Lokalligauttak 19. ..
Veteran-nm 2018..
Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no