Lenke til artikkelinnhald - Informasjon om hovudopptak i barnehagar i 2018Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
nyhende
- Tilbod om norsko..
- Kulturtilskot fr..
- Notanes, oppstar..
- Vegarbeid i Skår..
- Informasjon om h..
- Vegarbeid på Fv7..
- Utlysing av tils..
- Vil du bidra til..
- Reguleringsplan ..
- Vegstenging - Ne..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Informasjon om hovudopptak i barnehagar i 2018

Utskriftsvenleg side Lagt ut 12. januar 2018 kl. 10:58 av Beate Gauden
Alle barn som er fødd før 01.12.17 har lovfesta rett på barnehageplass frå og med 01.08.2018 eller den månaden dei fyller 1 år, dersom det er søkt om plass innan søknadsfristen.


Kvam herad har ikkje opptak i januar. Det betyr at dei som må ha plass frå januar 2019, bør takka ja til barnehageplass i hovudopptaket frå august 2018, eller den månaden barnet fyller 1 år.

All barnehagsøknad føregår elektronisk. Du finn søknadsskjema i denne artikkelen, samt på heimesidene til alle barnehagane i Kvam. I Kvam herad sitt digitale opptakssystem vil meldingar mellom Kvam herad og føresette føregå på epost, som til dømes melding om motteken søknad og tilbod om plass. Sjekk at du skriv inn rett epost-adresse.

Til orientering når du skal søkja


  • Du treng ikkje å logga inn for å søkja plass, men du må ha e-post, mobilnummer og fødselsnummer eller D-nummer.
  • Du må vera innlogga for å:
    • endra/sletta søknad
    • følgja saksgang på søknad
    • svara på tilbod
  • Gå til søknadsskjema


Innlogging skjer med ID-porten (MinID, BankID, Buypass, Commfides)
Søknaden kan ikkje endrast på i februar, medan barnehagane jobbar med opptaket. Har du likevel behov for endring, ta kontakt med hemi@kvam.kommune.no

Barnehagar i Kvam frå august 2018


  • Strandebarm barnehage, styrar Marit Linga, tlf.56556860
  • Tørvikbygd barnehage, styrar Ann-Kristin S Bråten, tlf.56556803
  • Norheimsund barnehage, styrar Egil Rasch-Halvorsen, tlf.56556846/ 56558595
  • Øystese barnehage, styrar Trude Femsteinevik, tlf. 5655 3470 / 94821430
  • Ålvik barnehage, styrar Hanne Jørgensen, tlf.56556800
  • Privat barnehage: Sandven Fus barnehage, styrar Anette Berg Leiren, tlf. 95890138/ 56564700


Tilbod om plass vert sendt ut i slutten av februar.

Har du spørsmål knytt til dei ulike barnehagane, kontakt styrar i aktuell barnehage.
For spørsmål knytt til søknad og opptaksprosess, kontakt Heidi Milje, 56553079.
For andre spørsmål kontakt leiar for barnehagane Beate Gauden 90591182.

VELKOMEN SOM SØKJAR!



Tilbod om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar - kveldskurs påmelding

19. januar 2018 kl. 09:00 - Kjell Arne Gjøn
Vaksenopplæringa i Kvam startar opp igjen med kveldskurs i nynorsk. I følgje regelverket må personar som er frå EFTA/EØS betala for opplæringa.

Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18

18. januar 2018 kl. 11:20 - Mary Ann Sørheim
Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18 Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja kulturtilskot for 2018. Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Notanes, oppstart av reguleringsplan for offentleg avlaupsanlegg og parkområde

15. januar 2018 kl. 11:27 - Leiv Ingmar Kaale
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for utvida avlaupsanlegg med tilhøyrande infrastruktur og uteområde.

Vegarbeid i Skårdalsvegen (Fv 131)

15. januar 2018 kl. 07:12 - Nils Eivind Stranden
Kjosås Maskin AS skal utføra arbeid med utbetring av FV131 i Øystese, Skårdalsvegen, i perioden 15.01.2018 – 01.05.2018. Vegen kan verta stengt i inntil 30 minutt ved sprenging.
  • Sprenging vert varsla med lydsignal og skal utførast fredagar.

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

10. januar 2018 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert periodevis stengt måndag-torsdag på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 2. januar til 30. april 2018. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Sjekk detaljar på vegvesen.no

Utlysing av tilskotsmidlar- Den Kulturelle Spaserstokken 2018

2. januar 2018 kl. 13:45 - Mary Ann Sørheim
Profesjonelle kunst- og kulturaktørar vert inviterte til å søkja tilskot til kulturaktivitetar for eldre i 2018.

Vil du bidra til rehabiliteringsplanen i Kvam?

2. januar 2018 kl. 12:52 - Rikke G. Reistad
Kvam herad er i gang med å utarbeida ny rehabiliteringsplan for vaksne. Rehabiliteringsplanen er tenkt ferdigstilt i februar 2018.

Reguleringsplan i Ljonesvågen

29. desember 2017 kl. 11:50 - Leiv Ingmar Kaale
Biofish AS ynskjer å utvida akvakulturanlegget i Ljonesvågen.

Vegstenging - Netelandsbrua i Steinsdalen

25. desember 2017 kl. 08:13 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad skal utbetra Netelandsbrua i den kommunale vegen i Steinsdalen. Eksisterande bru skal fjernast (sjå raudt kryss i kart) og det vert lagt nye element som grunnlag for ny bru. Fundament på kvar side skal også utbetrast/fornyast. Dette betyr at vegen vert stengt i ein periode framover. Det vil ikkje vera mogeleg med gjennomkøyring i denne perioden, men det vil fortsatt vera tilkomst frå kvar side frå Steine og frå Dalatun.
  • Det er planlagt at arbeidet vil pågå frå og med måndag 8. januar til fredag 20. april 2018. Sluttdatoen kan bli endra.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no