Lenke til artikkelinnhald - Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFakturaLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Influensavaksine..
- Vegarbeid på Fv7..
- Kommuneplanen si..
- Nye skjema for k..
- Innsamling av ar..
- Pris- og gebyrhe..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

Utskriftsvenleg side Lagt ut 12. juni 2016 kl. 06:58 av Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFakturaDu kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din.

Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.

eFaktura kombinert med AvtaleGiro


Med kombinasjon får du det beste frå begge løysingane. eFaktura vert sendt ferdig utfylt til nettbanken og vert trekt automatisk på forfall.

Få dine rekningar ferdig utfylt, og unngå purringar


eFaktura
Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt rett i nettbanken din. Du godkjenner med eit klikk. Beløp og forfallsdato kan endrast. Dersom du inngår avtale om eFaktura vert alle fakturaer frå Kvam herad sendt til deg som eFaktura, uavhengig av eining.

Korleis får du eFaktura?


Sei ja takk når du får tilbod om eFaktura neste gong du betalar ei rekning til Kvam herad i nettbanken din. Ditt 6-sifra kundenummer med 00 framfor, er din eFakturareferanse. Ein annan måte å inngå avtale på, er å søkja opp Kvam herad som eFakturatilbydar i nettbanken.
Du kan når som helst seia opp avtalen i nettbanken.

www.efaktura.no finn du meir informasjon og du kan sjå korleis du opprettar ein avtale om eFaktura i din nettbank. (Søk opp din bank under ”Er du klar?”)

AvtaleGiro
AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av faste rekningar. Banken trekkjer automatisk beløpet frå kontoen din på forfallsdato. Det trengs ingen godkjenning. Betalinga kan ikkje endrast, men kan stoppast.
På AvtaleGiro inngår du ein avtale per eining, dvs barnehage, pleie/omsorg, eigedomsgebyr og husleiger. Det betyr at du kan velja å ha AvtaleGiro på barnehagefakturaen, men ikkje på eigedomsgebyra. Du får ikkje sjå fakturaen i nettbanken.

Korleis får du AvtaleGiro?


Sei ja takk når du får tilbod om AvtaleGiro neste gong du betalar ei rekning til Kvam herad i nettbanken din. Du kan også søkja opp Kvam herad i nettbanken og inngå avtale. Du må leggja inn kidnr og eFakturareferanse. eFakturareferanse er lik kundenummeret ditt, som du finn på fakturaen. Kidnr finn du også på ein ny eller gamal faktura. Skal du inngå avtale på barnehage, må du bruka kidnr frå ein barnehagefaktura, for husleige frå ein husleigefaktura osv.
Du kan når som helst seia opp avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din.

www.avtalegiro.no finn du meir informasjon om AvtaleGiro.


Lenke: http://www.kvam.no/informasjon/filarkiv/08042016_071134.pdf


Influensavaksine

19. oktober 2017 kl. 09:24 - Helsesøstrene i Kvam
Det er tid for vaksine mot sesonginfluensa. Det vert vaksinering fylgjande stader og tider:

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

26. september 2017 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert preiodevis stengt på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 26. september til 22. desember. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Vegen vert stengt:
  • Måndag - torsdag
    • kl. 0820-1045
    • kl. 1115-1410
    • kl. 1430-1505
    • kl. 1535-1610
    • kl. 1630-1830
Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no

Kommuneplanen sin arealdel er klar til første handsaming

22. september 2017 kl. 15:25 - Trond Inge Brakestad
Eit omfattande og viktig arbeid har no nådd ein milepæl. Den nye arealdelen til kommuneplanen skal til politisk handsaming for fyrste gong.

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no