Lenke til artikkelinnhald - NyhendeLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Influensavaksine..
- Vegarbeid på Fv7..
- Kommuneplanen si..
- Nye skjema for k..
- Innsamling av ar..
- Pris- og gebyrhe..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Influensavaksine

Utskriftsvenleg side Lagt ut 19. oktober 2017 kl. 09:24 av Helsesøstrene i Kvam
Det er tid for vaksine mot sesonginfluensa. Det vert vaksinering fylgjande stader og tider:

Illustrasjon av influensaråka person
StadTid
Strandebarm: HelsestasjonenFredag 27. oktober kl 10.00 – 13.00
Norheimsund: Norheimsund bedehusTorsdag 26. oktober kl 09.00 – 14.00
Øystese: HolmatunMåndag 30. oktober kl 09.00 – 14.00
Ålvik: PensjonistheimenTysdag 24. oktober kl 10.00 – 12.00

  • Vaksinegebyr kr 150

Fylgjande grupper vert rådde til å vaksinera seg mot sesonginfluensa:
  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Born og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom
    • kronisk hjarte/karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett infeksjonsforsvar
    • svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
    • anna alvorleg eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege
  • Helse- og omsorgspersonell med pasientkontakt
  • Pårørande med omsorg for kronisk sjuke

Du er velkomen til vaksinasjon der det høver best for deg.

NB! Dersom det er vanskeleg å møta desse dagane, kan du få vaksine hjå eigen fastlege.

Lenker


Sjå lenker til Folkehelsa si heimeside for informasjon om influensa og vaksinasjon mot slik sjukdom:



Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

26. september 2017 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert preiodevis stengt på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 26. september til 22. desember. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida.

Vegen vert stengt:
  • Måndag - torsdag
    • kl. 0820-1045
    • kl. 1115-1410
    • kl. 1430-1505
    • kl. 1535-1610
    • kl. 1630-1830

Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no

Kommuneplanen sin arealdel er klar til første handsaming

22. september 2017 kl. 15:25 - Trond Inge Brakestad
Eit omfattande og viktig arbeid har no nådd ein milepæl. Den nye arealdelen til kommuneplanen skal til politisk handsaming for fyrste gong.

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no