Lenke til artikkelinnhald - Helsefagarbeidar – 70 % stillingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Helsefagarbeidar..
- Kinoassistent..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Helsefagarbeidar – 70 % stilling

Utskriftsvenleg side Lagt ut 28. november 2017 kl. 10:28 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Me søkjer helsefagarbeidar til ledig stilling ved Mikkjelsflaten omsorgsbustadar.

Sak. 1786
Ledig 70 % stilling som helsefagarbeidar med for tida base i gruppe 1, avdeling Mikkjelsflaten i sone Øystese. Stillinga er ledig frå snarast. Arbeidet innber arbeidsoppgåver i omsorgsbustad med heildøgnsomsorg og i private heimar. Stillinga er for tida knytt til turnusarbeid kvar 3. helg.

Kvalifikasjonskrav:
• norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
• førarkort for personbil
• du må beherske norsk skriftleg og munnleg
• du må kunne jobba sjølvstendig og vera fleksibel

Me legg me vekt på at tilsette i Kvam herad er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me tilbyr:
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Fagleg godt arbeidsmiljø
Variert og gjevande arbeid

Kontaktpersonar: gruppeleiar Ingunn Kråkevik, 56556957/ 48208990 E-post: ingkra@kvam.kommune.no eller Sigrun H. Augestad; 56556957/91543570
E-post: sigaug@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 13. desember 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.



Søknadssenter


Kinoassistent

28. november 2017 kl. 00:00 - Anne Vestrheim
Stilling som assistent ledig frå 1.1.18. Stillinga er for tida knytt til arbeid ved Kvam kino i Norheimsund.


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no