Lenke til artikkelinnhald - KinoassistentLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Helsefagarbeidar..
- Kinoassistent..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Kinoassistent

Utskriftsvenleg side Lagt ut 28. november 2017 kl. 00:00 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Stilling som assistent ledig frå 1.1.18. Stillinga er for tida knytt til arbeid ved Kvam kino i Norheimsund.

Sak. 17/1781

Hovudarbeidsoppgåver:
Billettsal, rydding og vakthald i samband med filmframsyningar.
Arbeid 12 t pr månad, annakvar fredag og søndag. Ekstraframsyningar etter avtale.

Kvalifikasjonar:
Me søkjer deg som er sørvisinnstilt, interessert i film og kan setja deg inn i digitale system. Du må vera punktleg og ansvarsbevisst, og beherska norsk munnleg og skriftleg. Søkjarar må vera over 18 år.

Me legg me vekt på at tilsette i Kvam herad er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Me kan tilby:
• Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønsystem.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Kontaktperson:
Kinosjef Mary Ann Sørheim, 56 55 69 06/954 07 710, mars@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 13. desember 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.



Søknadssenter


Helsefagarbeidar – 70 % stilling

28. november 2017 kl. 10:28 - Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidar til ledig stilling ved Mikkjelsflaten omsorgsbustadar.


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no