Lenke til artikkelinnhald - Sjukepleiarar - ØysteseheimenLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Helsefagarbeidar..
- Kinoassistent..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Sjukepleiarar - Øysteseheimen


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 23. november 2017 kl. 16:26 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Øysteseheimen utvidar og treng fleire tilsette. Gruppe 2 søkjer sjukepleiarar til fast 80 % og 70 % stilling, og til 85 % vikariat.

I samband med utviding og dermed auka kapasitet søkjer me etter sjukepleiarar til ledig 80 % og 70 % fast stilling. Stillingane har for tida base i gruppe 2 i sone Øystese. Gruppa er ei somatisk langtidsavdeling med sengepostar i fyrste og andre etasje på Øysteseheimen, 18 senger. Hovudoppgåver for stillingane vil vera stell og pleie. Stillingane inneber for tida turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg.

Sak. 17/1773 – 80 % stilling, ledig frå snarast.
Sak. 17/1774 – 70 % stilling, ledig frå medio januar

I tillegg vert det ledig sjukepleiarvikariat i gruppe 2:
Sak. 17/1779 - 85 % vikariat, ledig frå 01.01.18 - 31.08.18

Kvalifikasjonskrav:
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Sjølvstendig og fleksibel

Me legg me vekt på at tilsette er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me kan tilby:
• utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• engasjerte medarbeidarar i eit godt arbeidsmiljø
• gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
• løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem

Kontaktperson for stillinga:
Du er velkomen til å ta kontakt med gruppeleiar Margaret Mæland – 56 55 85 04 / 974 78 554, eller e-post: mame@kvam.kommune.no for meir informasjon om stillingane.

Søknadsfrist: 10. desember 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.

Søknadssenter


Helsefagarbeidar – 70 % stilling

28. november 2017 kl. 10:28 - Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidar til ledig stilling ved Mikkjelsflaten omsorgsbustadar.

Kinoassistent

28. november 2017 kl. 00:00 - Anne Vestrheim
Stilling som assistent ledig frå 1.1.18. Stillinga er for tida knytt til arbeid ved Kvam kino i Norheimsund.


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no