Lenke til artikkelinnhald - Kommunejordmor – 1 års vikariatLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Kommunejordmor – 1 års vikariat


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 15. desember 2017 kl. 11:05 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Kvam helsestasjon- og skulehelseteneste er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har ansvar for helsestasjon- og skulehelseteneste inkludert jordmorteneste. Det er helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Jordmorkontoret er sentralt plassert i heradet ved Norheimsund helsestasjon. I samband med skulehelsetenesta er me fordelt på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, og me har ansvar for helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine.

Sak. 17/1719
Det er ledig 100 % vikariat som kommunejordmor i Kvam herad, avdeling Helsestasjon- og skulehelseteneste. Vikariatet er eit års vikariat ledig frå januar 2018, med moglegheit for fast stilling etter kvart. Jordmortenesta er ein naturleg del av helsestasjon- og skulehelsetenesta sitt førebyggjande og helsefremjande arbeid i heradet. Stillinga er todelt. Jordmor har ansvar for svangerskapsomsorg og tidleg heimebesøk til alle nyfødte i Kvam. Dette skjer i tett samarbeid med fastlegar og helsesøstre i tråd med Nasjonale retningslinjer for svangerskaps- og barselomsorg.

I avdelinga er det for tida tilsett 8 helsesøstre og ei jordmor. Helsestasjon- og skulehelsetenesta har eit godt fagleg samarbeid med øvrige instansar som arbeider med foreldre, born og unge. Me kan freista med eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer.

Me tilbyr:
Positivt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande sentral tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons- og forsikringsordningar

Me søkjer deg som:
• har norsk godkjenning som jordmor
• har røynsle, interesse og kompetanse frå arbeid som jordmor
• held seg fagleg oppdatert
• kan disponera bil
• har engasjement, pågangsmot og godt humør
• kan arbeida sjølvstendig, er fleksibel og samarbeider godt

Me ønskjer at medarbeidarar i Kvam herad skal:
• vera serviceinnstilt og imøtekomande
• ta ansvar og vera profesjonelle
• samarbeida med andre
• dela kompetanse og vera nytenkjande

Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Spørsmål kan rettast til: Leiande helsesøster Torill Høyland , tlf 91 71 12 45
epost: toho@kvam.kommune.no eller jordmor Aud Ringø Nødtvedt, 99 15 90 83

Søknadsfrist: 14. januar 2018

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.



Søknadssenter




Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no