Lenke til artikkelinnhald - Barnevernkonsulent/sakshandsamar – 1 års vikariatLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Barnevernkonsulent/sakshandsamar – 1 års vikariat


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 19. desember 2017 kl. 14:15 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Spennande jobbtilbod med barn/unge og familiar i Hardanger.

Kvam familie- og læringssenter

Barnevernkonsulent/ sakshandsamar - Barnevernstenesta

Sak. 17/1723

Barnevernstenesta i Kvam herad har ledig 100 % vikariat frå 01.01.18 – 31.12.18, med moglegheit for forlenging.

Barnevernet er organisert i eining for oppvekst, saman med skule, barnehage, PPT, helsestasjon og familiesenter. I Barnevernstenesta er det for tida 6 årsverk knytt opp mot sakshandsaming fordelt på 7 personar. Barnevernstenesta er del av Kvam familie- og læringssenter (KFL), som saman med PPT, helsestasjon og familiesenter, skal ivareta og betra det tverrfaglege arbeidet hjå dei kommunale hjelpetenestene for barn/unge i Kvam.

Hovudarbeidsoppgåver:
Barnevernstenesta skal ivareta barn og familiar i ein sårbar situasjon og det er derfor viktig at alle blir møtt med omsorg, respekt og heilskapleg tenkning. Av den grunn søkjer me etter medarbeidarar som kan ivareta dette og samtidig stå stødig i vanskelege saker med stort krysspress.

Arbeidsområde og saksbehandling etter Lov om barneverntenester:
• Undersøkingar og utgreiingar
• Planarbeid
• Dokumentering av saksarbeid og vurderingar
• Iverksetting, oppfølging og evaluering av hjelpetiltak
• Førebu saker til fylkesnemnda
• Oppfølging av barn som er flytta ut av heimen
• Inititativ til i tverrfagleg samarbeid
• Samarbeid og oppfølging av oppdragstakarar

Kvalifikasjonar:
• Bachelor i barnevernspedagog, sosialt arbeid eller annan relevant høgskuleutdanning
• Relevant vidareutdanning er ein fordel
• Erfaring frå arbeid i barnevernet
• Erfaring frå arbeid i kommunal barnevernsteneste er ein fordel

Søkjar må ha førarkort og høve til å disponera eigen bil. Me ønskjer likevekt av begge kjønn og oppfordrar menn til å søkja.


Det vert det lagt vekt på om du:

• Har kompetanse og arbeidserfaring frå barnevernsarbeid
• Har evne til å gjere barnevernfaglege vurderingar
• Er tydeleg og engasjert og bidrar positivt i høve tverrfagleg utviklingsarbeid
• Har evne til å byggja relasjonar med barn og vaksne
• Har evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
• Kommuniserer tydeleg både munnleg og skriftleg
• Har ei strukturert og ryddig arbeidsform


Me ønskjer at medarbeidarar i Kvam herad:
• Er serviceinnstilt og imøtekommande
• Tek ansvar og er profesjonelle
• Samarbeider godt både internt og eksternt
• Deler kompetanse og er nytenkjande


Me kan tilby:
• Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med vektlegging på utviklingsarbeid i ei framtidsretta barnevernsteneste
• Eit godt og inkluderande fagmiljø
• Tid til fagleg refleksjon og rettleiing
• Blide og engasjerte medarbeidarar
• Løn etter gjeldande sentral tariffavtale og lokalt lønssystem
• Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest jf. Forskrift av 15.10.99 til lov om barnevernstjenester av 17 juli 1992 nr 100 § 6-10 siste ledd.

Nærmare opplysningar om stillinga, får du ved å kontakta: Barnevernsleiar Torill Svendsen: tlf. 916 02 484. E-post: torsve@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 14. januar 2018

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.




Søknadssenter




Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no