Lenke til artikkelinnhald - SjukepleiarstillingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Kyrkjegardsarbei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Sjukepleiarstilling


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 7. september 2017 kl. 11:30 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Vil du bli med på laget? Me søkjer etter ny sjukepleiarkollega.

Sak.17/1189

Det er ledig 80 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast. 60 % av stillinga er i turnus og 20 % årsarbeidstid. Stillinga har for tida base i gruppe 1 sone Øystese, som er ei gruppe med heimebasert omsorg. Arbeidet inneber bistand hjå heimebuande og i omsorgsbustadar. Stillinga inneber for tida turnusarbeid med arbeid kvar 3.helg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Førarkort klasse B
Me søkjer fleksible arbeidstakarar som har evne til å arbeida sjølvstendig og i team.

Me ønskjer at medarbeidarane i Kvam herad skal:
• vera imøtekomande og serviceinnstilte
• ta ansvar og vera profesjonelle
• dela kompetanse og vera nytenkjande
• samarbeida med andre

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Kontaktpersonar: gruppeleiar Ingunn Kråkevik - 56556957/ 482 08 990 og Sigrun H. Augestad - 56556957/915 43 570

Me kan tilby:
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Fagleg godt arbeidsmiljø

Søknadsfrist: 24. september 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.




Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.






Søknadssenter


Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

18. september 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo
Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling med tilsetjing snarast.
  • Søknadsfrist: 6. oktober 2017.



Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no