Lenke til artikkelinnhald - Helgestillingar i Pleie og omsorgLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Kyrkjegardsarbei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Helgestillingar i Pleie og omsorg


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 7. september 2017 kl. 10:22 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Ledige helgestillingar i sone Strandebarm og Kalhagen bufellesskap.

Sak.17/1194 - Helgestillingar
Det er ledig 2 stk. helgestillingar i sone Strandebarm. Stillingane er ledige frå snarast og inneber for tida turnus med arbeid kvar 3. helg. Stillingane inneber arbeid i institusjon og ute heimebasert omsorg. Meir informasjon om helgestillingane får du hos kontaktpersonane.

Kontaktpersonar: gruppeleiar Elisabeth Svåsand eller Liv Berit Bru Eide, telefon 56553110 – 918 17 408, E-post: elisva@kvam.kommune.no eller liei@kvam.kommune.no



Sak.17/1195 - Helgestillingar/ringvikarar
Det er ledig frå snarast helgestillingar i Kalhagen bufellesskap. Det er eit bufellesskap for personar med psykisk utviklingshemming i sone Norheimsund. Stillingane innber for tida turnus med arbeid kvar 3. helg. Det er også behov for ringevikarar same stad.

Er du interessert i helgejobb eller å vera ringevikar? Ta kontakt med gruppeleiar Liv Nygård på telefon: 414 02 975 eller E-post: LiNy@kvam.kommune.no


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskeleg
Førarkort klasse B.
Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Kunne arbeida sjølvstendig og vera fleksibel

Det kan verta aktuelt å tilsetja ufaglærte søkjarar med relevant arbeidserfaring i helgestillingane, dersom det ikkje søkjer helsefagarbeidarar.

Me ønskjer at medarbeidarane i Kvam herad skal:
• vera imøtekomande og serviceinnstilte
• ta ansvar og vera profesjonelle
• dela kompetanse og vera nytenkjande
• samarbeida med andre

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me kan tilby:
God opplæring av erfarne kollegaer i eit triveleg arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar


Søknadsfrist: 24. september 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.




Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Søknadssenter


Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

18. september 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo
Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling med tilsetjing snarast.
  • Søknadsfrist: 6. oktober 2017.



Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no