Lenke til artikkelinnhald - HelsefagarbeidararLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Kyrkjegardsarbei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Helsefagarbeidarar


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 7. september 2017 kl. 09:52 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Me søkjer helsefagarbeidar til fast stilling i sone Norheimsund og til vikariat i sone Strandebarm.

Sak.17/1091
Ledig 60 % stilling som helsefagarbeidar, for tida i gruppe 2, sone Norheimsund. Stillinga er ledig frå snarast. Gruppa har ansvar for heimetenester, både i omsorgsbustad og ute i heimen. Stillinga er knytt til turnus med for tida arbeid 3. kvar helg. Praktisk bistand /heime hjelpsoppdrag er ein del av arbeidet.

Kontaktperson: gruppeleiar Anne Martha Oma - 56556423/ 902 54 038 E-post: amaoma@kvam.kommune.no


Sak.17/1192
66 % vikariat som helsefagarbeidar i sone Strandebarm, ledig frå snarast – 31.08.18.
Arbeid i institusjon og ute i heimebasert omsorg. I stillinga inngår også heimehjelpsarbeid. Turnusarbeid på dag, kveld og kvar tredje helg.

Kontaktpersonar: gruppeleiar Elisabeth Svåsand/Liv Berit Bru Eide, telefon 56553110 – 918 17 408, E-post: elisva@kvam.kommune.no eller liei@kvam.kommune.no


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Du må kunne arbeida sjølvstendig og vera fleksibel
Førarkort for personbil
Du må beherske norsk skriftleg og munnleg

I Kvam herad legg me vekt på at tilsette er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me kan tilby:
Variert og gjevande arbeid
Kjekke og dyktige kollegaer
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar


Søknadsfrist: 24. september 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.




Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.






Søknadssenter


Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

18. september 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo
Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling med tilsetjing snarast.
  • Søknadsfrist: 6. oktober 2017.



Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no