Lenke til artikkelinnhald - Sjukepleiar og helsefagarbeidarLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Sjukepleiar – 60..
- Kommunejordmor –..
- Barnevernkonsule..
- Ledige sjukeplei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Sjukepleiar og helsefagarbeidar


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 6. september 2017 kl. 16:05 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Nattevaktsteamet i sone Norheimsund søkjer sjukepleiar og helsefagarbeidar.

Sak. 17/1190
Sjukepleiarvikariat
Me søkjer sjukepleiar til 70 % vikariat, ledig frå 10.01.18 – 31.12.18.

Sak. 17/1193
Helsefagarbeidar
Ledig 26 % helgestilling som helsefagarbeidar frå 15.12.17.

Begge stillingane er for tida knytt til arbeid i nattevaktsteamet i Norheimsund med arbeid i sjukeheim og i heimetenesta. Turnus med kun nattevakter, arbeid kvar 3. helg.

Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som sjukepleiar for 70 % sjukepleiarvikariat
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar for 26 % fast fagarbeidarstilling
Du må kunne arbeida sjølvstendig
Du må ha førarkort for bil

I Kvam herad ønskjer me at tilsette er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me kan tilby:
Variert og sjølvstendig arbeid
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Kontaktperson: gruppeleiar Liv Skutlaberg – 993 49 586 E-post: lisk@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 24. september 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.




Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.









Søknadssenter


Sjukepleiar – 60 % vikariat

15. november 2017 kl. 15:30 - Anne Vestrheim
Søkjer du nye utfordringar? Spennande sjukepleiarvikariat ved Kvam Rehabilitering og behandlingsavdeling vert ledig frå mars 2018

Kommunejordmor – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:20 - Anne Vestrheim
Kvam helsestasjon- og skulehelseteneste er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har ansvar for helsestasjon- og skulehelseteneste inkludert jordmorteneste. Det er helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Jordmorkontoret er sentralt plassert i heradet ved Norheimsund helsestasjon. I samband med skulehelsetenesta er me fordelt på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, og me har ansvar for helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine.

Barnevernkonsulent/sakshandsamar – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:00 - Anne Vestrheim
Spennande jobbtilbod med barn/unge og familiar i Hardanger:

Ledige sjukepleiarstillingar i Nattevaktsteamet

14. november 2017 kl. 14:50 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiararar til Nattevaktsteamet i Øystese


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no