Lenke til artikkelinnhald - VernepleiarLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Kyrkjegardsarbei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Vernepleiar


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 6. september 2017 kl. 14:30 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Me søkjer vernepleiar til bufellesskap i Pleie og omsorg.

Sak. 17/1188

Me søkjer vernepleiar til 100 % stilling i bufellesskap for menneske med utviklingshemming. Stillinga er ledig frå 01.11.2017 og har for tida base i gruppe 6 og 7 i sone Øystese. Arbeid i 12 vekers turnus med lange vakter kvar 4. helg. Flest vakter på ettermiddag/kveld.

Vernepleiar har ansvar for miljøterapeutiske tiltak , medisin, koordinator individuell plan, kontakt med bl.a. pårørande og spesialisthelsetenesta. Vernepleiar skal vera pådrivar for utvikling av tilbod og innhald i tenesta.

Kvalifikasjonar:
Godkjent vernepleiarutdanning

Me søkjer deg som er:
- strukturert
- sjølvstendig
- fagleg oppdatert

I Kvam herad ønskjer me at tilsette er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me kan tilby:
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Godt arbeidsmiljø

Kontaktpersonar:
Gruppeleiar Kjersti Soldal – 948 86 215 - kjso@kvam.kommune.no
Gruppeleiar Else Henriksen – 901 84 551 - elshen@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 24. september 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.




Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.




Søknadssenter


Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

18. september 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo
Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling med tilsetjing snarast.
  • Søknadsfrist: 6. oktober 2017.



Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no