Lenke til artikkelinnhald - Fagleiar flyktningtenestaLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Kyrkjegardsarbei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Fagleiar flyktningtenesta


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 6. september 2017 kl. 14:20 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Har du lyst å prøva deg i ein spennande leiarstilling? Flyktningtenesta ved Nav Kvam søkjer vikar for fagleiar.

Sak. 17/1176

Fagleiar flyktningtenesta

Me har ledig eit årsvikariat i 100 % stilling som fagleiar for flyktningtenesta frå oktober 2017. Fagleiar har ansvar for drift av flyktningtenesta som er organisert ved Nav Kvam.

Hovudoppgåvene til flyktningtenesta i Kvam er busetjing av flyktningar som har fått opphald i Noreg. Fagleiar skal bidra til at Kvam herad lukkast med mottak og kvalifisering av flyktningar, då særskild innafor introduksjonsprogrammet, og med integrering av flyktningar generelt. Fagleiar skal bidra til at flyktningane får hjelp til å skapa seg eit trygt og godt liv i Kvam herad. Personalansvar er ikkje lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver - ansvarsområde:
-fagleg leiing og fagutvikling av tenesta
-sakshandsaming i administrative og politiske saker
-sakshandsaming etter Introduksjonslova
-fagansvar for kvalifisering, introduksjonsprogram og busetting av flyktningar
-fagansvar for koordinering av tenester som vert utført av programrådgjevarar og burettleiar
-rapportering innan gitte fristar

Me ønskjer ein fagleiar som:
- har minimum 3 årig relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå
- er aktiv i forhold til samordning, teamarbeid og tverrfagleg samarbeid i heradet
- arbeider strukturert og kan prioritera mellom oppgåver.
- har grunnleggande fleirkulturell forståing
- er tydeleg og trygg i utfordrande situasjonar
- har kjennskap til sakshandsaming med god muntleg og skriftleg framstillingsevne

Kvam herad ønskjer leiarar som:
• brukar tid på leiing
• har resultatfokus
• er konstruktive
• viser endringsvilje
• gjev tydeleg retning

Me kan tilby:
Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
Eit godt, aktivt og engasjert arbeidsmiljø
Lønn etter avtale
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å venda deg til fagleiar Malin Namdal tlf: 904 78 444 epost: malin.namdal@nav.no eller Nav Leiar Terje Langeland tlf: 975 64 258 epost: terje.langeland@nav.no


Søknadsfrist: 24. september 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.





Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.




Søknadssenter


Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

18. september 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo
Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling med tilsetjing snarast.
  • Søknadsfrist: 6. oktober 2017.



Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no