Lenke til artikkelinnhald - Helgestillingar - AvlastningaLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Ledige sjukeplei..
- Vernepleiar - vi..
- Helsefagarbeidar..
- Ringevikarar til..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Helgestillingar - Avlastninga


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 10. august 2017 kl. 15:10 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Helgestillingar ved omsorgs- /og avlastningsbustad i Pleie og omsorg - sone Øystese.

Sak.17/1075

Det er ledig frå snarast 3 helgestillingar p.t. ved Avlastninga i sone Øystese.
Avlastninga er ein omsorgs-/og avlastningsbustad for barn og unge med autisme og personar med psykisk utviklingshemming. Avdelinga held til på Bjørketeigen i Øystese.

Stillingane er for tida knytt til arbeid retta mot barn og unge med autisme og inneber arbeid i turnus, kvar 3.helg. Ein av stillingane er kvilande nattevakt og dei to andre er på dag/kveld. Stillingstorleik er ca. 30 %. Du får meir informasjon om stillingsstorleik og arbeidsoppgåver ved å ta kontakt med gruppeleiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Me søkjer vernepleiar/helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar. Dersom det ikkje søkjer kvalifiserte søkjarar, kan andre søkjarar også vera aktuelle.
• Har du arbeidserfaring med barn/unge som har autisme, er det ei føremon.
• Du må beherske norsk skriftleg og munnleg

Me ønskjer at du:
Taklar utfordringar på ein roleg måte. Har god forståing og interesse for arbeid med barn og unge med autisme.

I Kvam herad legg me vekt på at tilsette er:
• Serviceinnstilt og imøtekomande
• Tek ansvar og er profesjonelle
• Samarbeider med andre
• Deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Kontaktperson: gruppeleiar An-Magritt Byrkjeland – 56558684/970 79 638
E-post: anby@kvam.kommune.no

Me kan tilby:
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Godt arbeidsmiljø

Søknadsfrist: 27. august 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.






Lenke: http://felles
Søknadssenter


Ledige sjukepleiarstillingar i Nattevaktsteamet

19. oktober 2017 kl. 15:15 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiararar til Nattevaktsteamet i Øystese

Vernepleiar - vikariat

19. oktober 2017 kl. 15:10 - Anne Vestrheim
Kalhagen bufellesskap søkjer vernepleiar til:

Helsefagarbeidar - natt

19. oktober 2017 kl. 15:05 - Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidar til vikariat i Nattevaktsteamet i Øystese.

Ringevikarar til barnehage

19. oktober 2017 kl. 15:00 - Anne Vestrheim
- vil du vera ringevikar hjå oss?


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no