Lenke til artikkelinnhald - RektorLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Ledige sjukeplei..
- Vernepleiar - vi..
- Helsefagarbeidar..
- Ringevikarar til..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Rektor


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 5. juli 2017 kl. 12:05 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Vil du vera med å utvikla Kvammaskulen?
Kvam er ein vakker kommune i Hardanger, med kort reiseveg over Kvamskogen til Bergen. I 2013 vann heradet pris som Noregs mest attraktive stad. Her bur 8500 glade og inkluderande kvemmingar.

Kvam har to fådelte barneskuler, ein kombinert skule, to større barneskuler og ein ungdomsskule. Strandebarm skule er kombinert skule 1-10, med 110 elevar. Skulen har nye, moderne, trivelege og tenlege læringslokale, og har eit unikt uteområde med fjord, fjøre, skog, fjell og idrettsbane lett tilgjengeleg.

Me har ledig skuleleiarstilling:


Sak.17/990
Stillinga som rektor, p.t. ved Strandebarm skule, er ledig frå 1.10.17

Rektor og to avdelingsleiarar utgjer leiarteamet ved skulen. Rektor har ansvar for den totale drifta av skulen: pedagogisk, administrativt og økonomisk, medan avdelingsleiarane leier kvar sine trinn. Målet er tydeleg pedagogisk leiing, å vera tett på i det pedagogiske og relasjonelle arbeidet, utvikla skulen som lærande organisasjon gjennom teamarbeid og å ha heilskapleg syn på leiing. Leiinga arbeider tett med tenestene i Kvam Familie- og læringssenter (KFL); PPT, helsesøster, psykolog, barnevern og familiesenter.

Kvammaskulen skal vere ein god stad å læra og ein god stad å vera, og me har fokus på godt og trygt skulemiljø for alle. Skuleeigar, skuleleiarar og medarbeidarar står saman om elevane si læring og trivsel, jamfør § 9a i opplæringslova. Alle barnehagar og skular deltek i felles utviklingsarbeid gjennom LP-modellen, med fokus på læringsmiljø og pedagogisk analyse, kartleggingsresultat og nyare forsking.

I Kvam herad legg me vekt på at leiarar skal:
• gje tydeleg retning
• vera konstruktive
• visa endringsvilje
• bruka tid på leiing
• ha resultatfokus

I Kvam herad nyttar me felles leiarverktøy:
• leiarskap og medarbeidarskapsplattform
• LEAN-filosofi og metodikk
• 10-faktorundersøking og mestringsorientert leiarskap

Kvam herad tilbyr:
• godt arbeidsmiljø og teamkultur
• sterke fagmiljø
• systemretta utvikling av barnehage- og skulespennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
• gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Som rektor må du:
• ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar, jf Opplæringslova § 9-1
• kunna leia og motivera til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
• sørgja for at skulen vert driven i samsvar med politiske vedtak og rammer
• ha god økonomisk styring og kan finna gode løysingar innan tildelte rammer
• vera ein god og tydeleg personalleiar

Me ønskjer ein rektor som:
• har rektor/leiarutdanning
• kan utvikla teamarbeid og skulen som lærande organisasjon
• har evne til å inspirera, veileda, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
• har god kommunikasjonsevne, relasjonelt, skriftleg og munnleg
• har fagleg-pedagogisk kompetanse og erfaring frå barne og/eller ungdomsskule
• kan setja i verk og driva utviklingsprosessar på ein motiverande måte

Politiattest vil bli kravd i samband med tilsetjing jfr. Opplæringslova §10.9

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakta:
Leiar for barnehage og skule Beate Gauden 56553058/90591182, rektor Strandebarm skule Inga Lill Tolo 951198654

Søknadsfrist: 15.08.2017

Søknaden skal sendast via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.




Søknadssenter


Ledige sjukepleiarstillingar i Nattevaktsteamet

19. oktober 2017 kl. 15:15 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiararar til Nattevaktsteamet i Øystese

Vernepleiar - vikariat

19. oktober 2017 kl. 15:10 - Anne Vestrheim
Kalhagen bufellesskap søkjer vernepleiar til:

Helsefagarbeidar - natt

19. oktober 2017 kl. 15:05 - Anne Vestrheim
Me søkjer helsefagarbeidar til vikariat i Nattevaktsteamet i Øystese.

Ringevikarar til barnehage

19. oktober 2017 kl. 15:00 - Anne Vestrheim
- vil du vera ringevikar hjå oss?


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no