Lenke til artikkelinnhald - Reguleringsplan i LjonesvågenLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
- Tilbod om norsko..
- Kulturtilskot fr..
- Notanes, oppstar..
- Utlysing av tils..
- Reguleringsplan ..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / kunngjering /

Reguleringsplan i Ljonesvågen

Utskriftsvenleg side Lagt ut 29. desember 2017 kl. 11:50 av Leiv Ingmar Kaale
Biofish AS ynskjer å utvida akvakulturanlegget i Ljonesvågen.

I samband med dette er konsulentselskapet Cowi AS engasjert til utarbeida eit framlegg til reguleringsplan for området som viser korleis areala kan nyttast. For å avklara om og evt. korleis anlegget kan utvidast må det utarbeidast ein eigen konsekvensutgreiing som særskilt gjer greie for korleis naturmangfald, friluftsliv, landbruk og nabaoar vert råka av tiltaket. Eit eige Planprogram viser korleis Cowi ser for seg å gjera dette arbeidet.

Me varslar no at planarbeidet startar opp. Alle har høve til å koma med innspel til planarbeidet. Du kan koma med innspel til sjølve arealbruken dersom du meiner det er særskilde omsyn som planen må ta omsyn til, eller du kan koma med innspel til Planprogrammet dersom du meiner at det er viktige tema som det må gjerast greie for i planarbeidet.

VASEL OM OPPSTART AV PLANARBEID

FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM

Frist for å koma med innspel er sett til 9. februar. Innspela kan du senda til Cowi AS ved Vidar Østerbø, Sandvenvegen 40, 5600 Norheimsund eller på e-post til vos@cowi.com




Tilbod om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar - kveldskurs påmelding

19. januar 2018 kl. 09:00 - Kjell Arne Gjøn
Vaksenopplæringa i Kvam startar opp igjen med kveldskurs i nynorsk. I følgje regelverket må personar som er frå EFTA/EØS betala for opplæringa.

Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18

18. januar 2018 kl. 11:20 - Mary Ann Sørheim
Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18 Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja kulturtilskot for 2018. Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Notanes, oppstart av reguleringsplan for offentleg avlaupsanlegg og parkområde

15. januar 2018 kl. 11:27 - Leiv Ingmar Kaale
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for utvida avlaupsanlegg med tilhøyrande infrastruktur og uteområde.

Utlysing av tilskotsmidlar- Den Kulturelle Spaserstokken 2018

2. januar 2018 kl. 13:45 - Mary Ann Sørheim
Profesjonelle kunst- og kulturaktørar vert inviterte til å søkja tilskot til kulturaktivitetar for eldre i 2018.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no