Råd for menneske med nedsett funksjonsemne og eldre (RMNFE)

Alle kommunar skal etter kommunelova ha eit eldreråd og eit råd for personar med nedsett funksjonsemne. I Kvam er desse samla til eitt råd, RMNFE. 

På regjeringen.no finn du meir informasjon om arbeidet i eldreråd og på BUFDIR sine nettsider kan du lesa om råd for personar med nedsett funksjonsevne

Råda er heimla i kommunelova §5-12.

Medlemer i RMFNE i inneverande periode:

  • Svein Bårdsgjære
  • Brita Træbakken
  • Åshild Bekkesletten
  • Hild Berge (fritak frå våren 2022)
  • Ernst Olsen (nytt fast medlem frå våren 2022)
  • Nils Dolve
  • Vidar Eik
  • Jostein Moldsvor, heradsstyrerepresentant
  • Marit Heidi Seim
  • Torgeir Torvik

Årshjul for RMNFE

  • januar: løypemelding integreringsplan
  • februar: inviterer ordførar, oversikt over status på planar heradet arbeider med
  • mars: årsmelding RMNFE
  • april: orientering frå helse og sosial om aktuelle fokusområde, ferietilbod til personar innan rådet si målgruppe
  • mai: 1. tertialrapport, plan for eldredagen
  • september: budsjettinnspel frå RMNFE til rådmann, 2. tertialrapport, fellesmøte med organisasjonane. Ettermiddagsmøte.
  • oktober: inviterer ordførar, orientering frå helse og sosial om aktuelle fokusområde
  • november: budsjett