Aktuelle tenester

Personvernerklæring

Kvam herad har som mål at informasjonstryggleik og personvern skal vera ein naturleg del av verksemda. For å kunne utøva myndigheit og tilby deg gode tenester, må me ofte behandla opplysningar om deg elektronisk eller i eit manuelt register. I denne erklæringa fortel me korleis me behandlar personopplysningane dine, kva som er formålet og kva rettar du har. 

Heradet har eige personvernombod

Ny personopplysningslov

Stortinget har vedteke ny personopplysningslov  som vart sett i verk 20.juli 2018.

Den nye personopplysningslova er sett saman av  to hovudelement:

  1. For det første vert  EUs personvernforordning (GDPR)  gjort til norsk lov.
  2. For det andre er det ei rekkje bestemmingar som supplerer reglane i forordninga.

Den nye personopplysningslova endrar og skjerpar pliktene til handtering av personopplysningar i offentleg og privat sektor, og borgarne får eit styrka personvern. Lova gjeld alle som opererer i EU og EØS-området, eller som tilbyr varer eller tenester til personar som oppheld seg der, inkludert Storbritannia.

Nyttig informasjon: Dubestemmer.no  og Datatilsynet.

Personvernerklæring

 

Dette er ei kortfatta personvernerklæring med hovudreglar. Dersom det er motstrid mellom erklæringa og personvernlovgjevinga eller anna regelverk, har sistnemnde førerang.

Obs!
Etter arkivlova er me forplikta til å føra offentleg journal, all korrespondanse til og frå Kvam herad skal registrast i journalen.

 

Nyhende frå Kvam herad


Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.