Vedtak i namnesak for Kleiva, Greggen m.fl

Statens kartverk vedtok 17.09.24 skrivemåten av nokre stadnamn i Kvam herad

Vedtaket gjeld følgjande namn:

-            Kleiva  (gnr 19 bnr 29)

-            Kleivaplassen  (gnr 19 bnr 699)

-            Greggen  (fjell, fellesnamn for Storegreggen og Vetlegreggen)

-            Storegreggen  (fjell)

-            Vetlegreggen  (ås)

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn

 

Namnesaka:

  • Saksutgreiing og vedtak 17.09.24
  • Råka partar er informerte om vedtaket pr brev frå Kvam herad 26.09.24
  • Statens kartverk reiste namnesaka 13.06.23
  • Saka var på høyring i perioden 14.07.-25.09.23

 

Klageadgang:

  • Vedtak om skrivemåten kan etter § 12 i lov om stadnamn påklagast av dei som etter § 6 bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn
  • Klagefristen er tre veker frå kunngjeringsdato, dvs 18.09.24
  • For meir informasjon om klageadgang, sjå utfyllande opplysningar i saksutgreiinga

 

Generell informasjon:

  • På Statens kartverk si nettside Stadnamn | Kartverket.no finn du generell informasjon om stadnamn. Her kan du også få innsyn i den aktuelle stadnamnsaka
Heidi E. Ørjansen
Kommunalsjef
E-post
Telefon 90 54 12 03
Mobil 90 54 12 03